Eg har lese Skråninga av Carl Frode Tiller (Aschehoug 2010). Skråninga er eit skodespel som hadde urpremiere på Det Norske Teatret i 2004.
Hovudpersonen i verket, rolla HAN, er på ein psykiatrisk institusjon. Han sit og gjer greie for seg til psykologen, og til Line, Line som antakeleg er miljøterapeut av eit slag. I samtala blir ein skakkjørt oppvekst vekt fram og han rullar fram til notid.
Den namnlause mannen seier at det vart vel for mykje. Eg anar at han likevel kanskje manglar innsikt. Han verkar framleis forvirra, og som om det også no er for mykje for han. Han vil til dømes at Line skal vere kona hans. Og slik er jo ikkje verda stilt no, ho har sin eigen mann og barn, å lytte til han er ein del av arbeidet. Psykologen seier til pasienten at han aldri har hatt ein kone. Det gir meg endå ein kjensle av at det hovudpersonen sjølv fortel, kanskje er fordreia. Eg stiller spørsmål ved hans forklaring og mi forståing. Kva er verkelegheita? I boka kjem også to stemmer fram, kalla sjukdomsstemme ein og to. Dei kommanderer han til dømes til å trene hardarde.
Skodespelet spelar omkring veikskap og forsømming og spørsmål om ansvar og skuld; rett, galt, rører meg og deg. Eg stiller meg sjølv spørsmål: Ville eg handla på same måte? Ville eg kjent på same vreide? Ville eg kunne kome til å dempe kjenslene mine med alkohol? Kunne eg då også tapa kontrollen? Over livet og meg sjølv, og kva eg fann meg i å gjere mot andre?
Og eg undrar meg, om ein seier unnskyld og endrar seg, kan ein tilgivast etter å ha vere sjuk på denne måten? Kan ein kome inn i ein god relasjon nokon gong, eller er nokon skakkjørte for godt? Det er ikkje godt å vite. Men eg veit at denne vesle boka er ei tettpakka forteljing som verkeleg gav meg ei vekkande oppleving.
Eg har ikkje lese mange skodespel, men dette av Tiller gav meg meirsmak. Eg liker hans skrivemåte, språk og evne til å gripe om menneskesinnet, sjukt som friskt. Fem auge på terningen frå meg.
