bokanmeldse

For vase eller vekst

Eg las ei novellesamling no i helga. Gunnhild Øyehaug har skrive Vonde blomar (Kolon forlag 2020, 2. utgåve 2021). På omtrent hundre sider, evnar ho å plante heilt nye tankar i hovudet mitt, og eg veks innvendig og ut i fingertuppane ønskjer eg å skrive sjølv også! Eg byrjar med å fortelje om leseopplevinga og boka Vonde blomar. Boka har eg fått som lesareksemplar frå forlaget. 

Vonde blomar består av tekstar som står seg åleine men som også speler på kvarandre. Nokre av tekstane, er protestar mot noko i den førre. Det er veldig morosamt å lese, når det kjem innvendingar. Dei får meg til å bli meir merksam på tekstas konklusjonar, og til å få auga opp for andre moglege løysingar. Slik er livet, det er ikkje berre ei moglegheit! Det gjer meg lukkeleg optimistisk, kan eg kjenne.  

Tekstane har mange tema, frå både draumar og røynda. Dei krinsar til dømes rundt å vere daud, om at alt rundt ein er slimåler, at slimålar slepp unna, om å skrive og om å vere i ein tekst. Og teksten lever, og boka leverar. 

Eg vart kjend med fantasi og fakta på ein underfundig vis. Eg stoppa opp fleire gonger då eg las boka. Språket flaut så godt at eg fyrst berre flaut med som ein glad laks nedover elva, og så oppdaga eg somme tider at eg då var så i eitt med teksta at eg ikkje registrerte kva ho verkeleg fortalde. Det var nemleg overraskingar i mang ei setning, som eg ville stoppe opp ved, dei var verd ein visitt.  Eg vart forbausa, vekka og glad. Eg så nemleg andre løysingar i fastlåste situasjonar. Som om at livet går vidare når nokon dør også, til dømes. Eg kan i alle fall skrive dei levande, slik Øyehaug gjer på si måte. 

Boka inneheld 25 korte noveller. Novellene samla gav meg ein spennande og nyfiken leseoppleving. Eg gler meg til å lese meir av denne forfattaren. I bokhylla mi står også Vente, blinke. Terningkast oppimot seksaren, frå meg, ein søndag i januar. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s