bokanmeldse

Det er det berre litteraturen som kan

Då eg var barn, høyrde eg litt på Alf Prøysen. Vi song han i både barnehagen og i skulen, trur eg, og heime. Hans song om litlebror, likte eg godt, og då eg las denne romanen eg no skal fortelje om, tenkte eg på han. Men her er det ikkje litlebror som kan det ingen andre kan, det er litteraturen sjølv! 

Boka heiter Presens Maskin (Kolon forlag 2018, 2. utgåve 2019) og ho er skriven av Gunnhild Øyehaug. Boka har eg fått som eit lesareksemplar frå forlaget, og boka er i vinden att nett no fordi ho har blitt godt motteken i USA. Det pirrar meg. 

Presens maskin er om Anna og Laura, mor og dotter, som har forsvunne frå kvarandre, ein gong på 90-talet, dei vart skild då Laura var to år og Anna las ei bok der hos bytta om bokstavane i eit ord. Ho visste ikkje om ho hadde fått slag, eller hadde mista eit born.

Slik var det. Kanskje. Noko stemmer i alle fall ikkje i livet til dei to kvinnene tjueein år etter, medan livet har gått vidare. Og forteljaren ringjer på døra til Anna, og Anna opnar, men der er ingen utanfor, som Anna ser når ho opnar, for ingen kan sjå forteljaren. Ho finns jo ikkje i historia. 

Osb., det er mykje som skjer som berre kan skje i litteratur. Vi finn det i eksempel på reise i tid, og univers: Nærast tidsmaskin og parallelle verder finns her. Det er også kapittel der ingen er, det er berre eit tal, og forfattaren skriv at no er nett det kapitlet ferdig. Kapitlet om framtida er spesielt kort. Er det dette som erpresens

Boka er eit eventyr i romanform, med store moglegheiter vi i røynda normalt ikkje finn. Men med riktig nok ikkje heilt den slutten eventyr ofte har, ein meir moderat ein er å finne her. Presens Maskin er òg ein kjærleiksroman, om einsemd. 

Eg kjenner på å elske. Og eg endar med å elske meg sjølv og skriving mi, det at i det tomme og einsame kan eg skrive historier – og lage kjærleik mellom meg og/eller andre. Femmer frå meg, for denne absurde og surrealistiske, men også vakre teksten. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s