bokanmeldse

Draume, elske, sakne og freiste finne plassen sin

Eg har lese Trilogien av Jon Fosse (Samlaget 2014) som inneheld Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd(2014). Han var vinnar av Nordisk råds litteraturpris 2015. 

På Jon Fosse-vis er boka skrive nesten som prosa, så vakker, og utan punktum. Handlinga skrivast fram, gradvis, og eg får bit for bit som i eit puslespill forfattaren legg framfor meg. Biletet blir eit kunststykke eg vil hengje på veggen, eit bilete på kjærleik som eit bryllaupsportrett som aldri skal bleikne.

Trilogien er om spelemannen Asle og kjærasten Alida som søkjer å finne sin stad i verda, plassen for dei to som elskar kvarandre. Det byrjar sårbart med Alida som vert gravid før dei to er gifte. Ein rekkje drama skal følgje, med eit nedpå og nært språk til kontrast. 

Brutaliteten ulmar under overflata der kjærleiken boblar. Drap antydast er gjort. Asle bytt namn på seg og Alida og sonen. Men flukta blir stoppa, røynda innhentar sjølv om ein draumar om framtidHandlinga i dei tre bøkene, i korte drag: 
1I Andvake vandrar Asle og Alida hauslause i regnet i Bjørgvin. Dei skal skape eit liv for seg og barnet dei ventar. Men for å få det til, skjer drap. 

2. I Olavs draumar er Asle på veg for å skaffe ringar, dei skal sjå ut som ektefolk og Asle vil syne sin kjærleik, men i staden bøter Asle med livet for ugjerningane. 

3. I siste bok av trilogien, Kveldsvævd, får vi som les vite korleis det gjekk med Asle og Alida, paret som ofra samvit for kjærleiken. Historia blir her fortald gjennom dotter til Alida, som ho fekk med ein eldre kar som heitte Åsleik, Ales, no ei gamal dame. 

Alt er veva, fletta saman og bevart i kvarandre. Flukt, kjærleik, von, død, det å måtte leva vidare. Fosse syner litt og litt av biletet, før portrettet av dei er fullbyrde og historia er forstått av meg som lesar. Og ikkje alt begriper eg fullt og heilt heller, kva som er røynd og draum og så brutal røynd att. Denne mystikken og gjettinga mi, gjer at eg kjenner eg er eit levande menneske og ein pulserande lesar, og at litteraturen verkeleg lever – i samtida med meg.

Eg er i nærleiken av å gi boka terningkast seks! Eg tenkjer ho er ei bok alle elskande, og alle som lengtar etter å elske eller forstå ein kjærleiks- og livshistorie, kvifor livet vart som det vart, vil nyte. Finurlig og finstemt, i både moll og dur. Eg syngjar inni meg, er ein kjærleiksvise spelemennene vi møter i boka kunne spelt på fele til. Fosse trefte meg på mange strengar her. Ja, eg gir ein seksar eg. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s