bokanmeldse

Daudens definisjonar

Eg har lese Kleda er gjennomvåte av forfattar Erlend Skjetne (Flamme Forlag 2020). Boka er eit mannsportrett, ei familiehistorie og ei forklaring av det ein ikkje ønskjer å sitje igjen med på handa, når korta er utdelte. Sjølvdrapet er Svarte-Per, er du ikkje einig? 

Kleda er gjennomvåte er historia om ein far og ungane hans, om valet om å teke livet sitt og kva val vi tek har å seie. Eller kan ende, stutt sagt. 

Når menneske døyr, er det ofte livet dei levde og kven dei var som havnar i fokus. Med sjølvmordaren er det annleis. Då er det dauden han leid som blir ståande att. Skjetne evnar her å syne – med sprang fram og att i tid – livet ein far levde, mannens bakgrunn, det han brann for, alt han elska og tilværet som raste saman som eit korthus, likevel. 

Eg brukar spelekort når eg tenkjer på denne boka, fordi dei er hovudpersonen, den eldste sonen, sin flukt og glede i den harde tida. Han spelar bridge, og vert toleleg god også. 

I boka, er det mange journalnotat, frå helsevesenet og særskild psykiatrien. Det gir ei fast ramme til det flagrande, uhandterlege, vanskelege livet. Dei er skrivne på bokmål, medan romanen er på nynorsk. Det gjer inntrykk av at notata er ekte, at dei er teke ut frå røynda slik dei antakeleg er skrivne, utan å ha blitt tilpassa romanens form. Eit truverdig val. Boka krev noko av lesaren, ho er både sterk og samansett. Gjer ein seg sjølv tida til å ta inn romanen, kan ein sitje igjen med eit større bilete på psykiske lidingar og korleis dei kan utspele seg. 

Romankunst dette, på det høgaste vil eg seie, kombinert med ei røynd vi ikkje ønskjer å oppleve sjølve. Ei viktig bok, eg vonar når eit stort publikum. Ho får mi applaus og ein sterk femmar på terningen, når eg freistar trille han ut. Eg spelar ikkje bridge, men freistar gjerne lukka i Yatzy. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s