
Eg har lese Kjartan Fløgstad Kniven på strupen. Det er ein roman frå 1991 (Gyldendal) som eg kjøpte med meg heim frå brukthandelen førre laurdag. Eg har fleire eg skal lese av forfattaren, men eg starta altså med denne boka.
Ho gjev meg ein sprø, lattermeld og noko forvirrande start! Eg klarte ikkje å følgje alle sprella til forfattaren. Det sprellar i meg framleis, eg er ein meitemark som vrir seg i regnet for å ikkje drukne. Fløgstad skriv med ei sånn fantasi at eg veit nesten ikkje om eg finst når eg les, om han kan ha skrive meg bort, som om eg er bortfortrylla, fordi eg ikkje følgjer på. Eg falt av lasset fleire gonger.
Men eg forsette å lese, slik eg alltid gjer. Det tok meg med på ei oppleving, altså sjølv om eg ikkje fatta heile handlinga. Eg blei med på ei reise med mange observasjonar, eit album og ein spillefilm flimra for auga mine. Fløgstad har ei eiga evne til å skildre levande. Eg blei levande som leser, her eg nesten lo! Eg la merke til meg sjølv, og blei til stades att.
Dei språklege bileta er presise. Nokre er veldig vakre, nokre er fylde med humor samstundes også. Eg kan komme med eit tilfeldig døme, plukka med meg frå side 25:
«(..) Ekteskapet er eit museum. Gustav var museumsvakt, og ho sjølv var Mona Lisa.»
Litt om handlinga: Eit smelteverk eksploderer. Ein mann blir drepe i bilen sin. Tre menneske i eit kapra helikopter på veg vekk frå Lovra, ein industristad. Usynleg men dominerande finans. Narkotikatrafikk. Kokain vert forklara, eg skjønar planter som veks. Fløgstad skal ha skrive denne boka med det internasjonale finanssamfunnet og mediesamfunnet som bakteppe. Sceneteppet mitt går opp og eg klappar ein liten applaus innvendig av og til. Det er spenning her som driv ein med, men og så satirisk og humoristisk. Det får meg til å stoppe opp, velte av lasset… – og samstundes til å halde fram med lesinga. Ordkunsten fortener det. Boka utgjer poesi i romanform.
Eg gir boka ein firer pluss. Ho får ikkje mi toppkarakter fordi eg ikkje får fullt utbytte då eg ikkje får taket heilt på handlinga. Ho spring litt for vilt og fort fram og tilbake. Plussteiknet gir eg fordi ho likevel er leseverdig, og vel så det.
Eg ser fram til å utforske meir av Fløgstad. Eg let meg allereie imponere over skildringane hans og evna til å skape ei annleis verd i verda som er her – sjå med eit anna blikk, og tilføre noko. Til det vi har. Han har ein eigen penn, som dannar eit litterært krydder i kvardagen! Eg sett han på menyen for lesing seinare i år.
