bokanmeldse

Big & Beautiful

Eg har lese Store stygge dikt av Ruth Lillegraven (Tiden Norsk Forlag 2005, pocketutgave 2006). Boka er ei lita diktsamling med dikt i ulike former. Nokre er lange, større enn eg ofte tenkjer på dikt, dei dannar korte tekstar.

Kort fortalt:
Samlinga fortel om ei ung kvinne sitt liv i Oslo. Men også om livet i verda. Det å vere ein del av heile verda, og bli rørt eller råka av det som hendar, som til dømes Tsunamien i romjula 2004, det å kjenne at verda angår ein. Boka rommar store kjensler: kjærleik og dødssorg, lengsel og von. Både menneske man ikkje kjenner og dei heilt nære får plass. Å miste si venninne, som var sjuk av spiseforstyrrelse, er noko personleg som samstundes pregar ein i ein større kontekst også.

Ein del av tema er stygge, men dikta er likevel ikkje stygge i mitt blikk. Eg ser dei som viktige utropsteikn i livet! Og eg vil rope med, så alle kan høyre. Og på den måten kunne sjå, slik eg ser bileta – og samfunnet vårt klarare – når eg les.

Når Lillegraven skriv, opnar eg bøkene og ho auga mine, ho gjer bileta levande. Døme: «(…) som å riste på brusflaska etter ho har gått i golvet». Setninga syner oss noko det ikkje poenglaust å gjere, som ikkje hjelper og som i stadet berre gjer alt verre. Eg smilte då eg las det, samstundes som eg kjende det såre. Eg blei klok og medviten. 

Eit anna utdrag eg beit meg merke i, som strekte ut smilet mitt òg:
«alt dette
les han 
og så les han:
steng han inne og
han diktar til han 
trur det
sjølv»
 Henta frå s. 60

Eg trur eg er ein sånn diktar: som til tider er inni mi eiga verd, så eg raudna litt og vart flau eg. Så humra eg! Når eg les mykje, og snakkar med andre menneske, får eg ein del av verkelegheita inn i mi dikta verd, ein input av røynda. Og saman, blir vi poesi også, og levande dokument frå vår tid.

Eg har lese anna av forfattaren før som også er verdt å lese synst eg: Manilahallen (utgitt 2014), en slags roman frå psykiatrisk avdeling, i diktform, og Dette er andre dagar (2021) som er poesi frå pandemitida.

Diktsamlinga Store stygge dikt vil eg sette terningkast 5 på, sjølv om eg synst det er vanskeleg å talfeste dikt på det viset. Ei riktig rik bok frå livet i Noreg, i samtida. Boka er jo nokre år, så det heilt nyaste av happenings frå mediebilete er ikkje med her, men den er framleis aktuell og eg meiner den står seg godt. Den synes at mykje vi opplev, er viktig til alle tider. Som å vere glad i vennene sine, opptekne av familien, bekymra for det som skjer omkring ein.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s