Eg har lese Djuphavslettene av Hilde K. Kvalvaag (Vigmostad & Bjørke AS 2021, lesareksemplar frå forlaget). Romanen er ei bok om sjølvmord. Boka er ikkje eit sjølvmordsbrev, meir eit kjærleiksbrev, frå Kvalvaag til sonen Victor som tok sitt eige liv.
Mora hadde fire born. Ho lev som om ho har fire barn. Alle er viktige for livet ho har, sjølv om det eine er borte. Victor blei 19 år gamal. I denne boka blir han skrevet til, etterpå.
Familien i romanen, lev i eit liv som har blitt eit uroleg, mørkt hav. Bølgjene kan drege særskild mora under, ho kavar med å vere mor no, og med å halde hovudet over vatnet. Kva skjedde med Victor? Korfor kunne han ikkje leve?
Mora har tre andre born, og yngstesonen er berre fire år. Ho held han på ein måte på ryggen, uti dette store havet, og dei må halde seg flytande – saman. Han kan jo ikkje svømme. Familien treng ho, som livbøye og meir til. Ho må redde seg sjølv for å redde dei andre tre borna.
Mannen hennar vil ikkje ho skal skrive om Victor eller om sjølvmordet. Ho har likevel ein trong til å gjere noko. Ho vil verte sjukepleiar, men mannen meiner ho skal redde si eige familie. Ho freistar ta opp naturfag for å få høgt nok snitt til å kome inn på sjukepleiarutdanninga. Ho mislukkast.
Mannen stiller opp i mange av innfalla og prosjekta hennar. Heile familien reiser i både Noreg og utlandet, ho tar eit studie om kunstterapi òg og vil eller kan ikkje reise aleine. Etterkvart seier også mannen: Berre skriv. Og ho skriv denne boka.
Boka er om det svartaste djupet, men også det lysaste livet. Latter, sukkererter i drivhus, vener som elska han som er borte, syskena som har kvarandre, og veks. Veslebror med signaturhåret til Victor, lærar seg å svømme, byrjar på skulen, det nye livet som startar stutt sagt.
Det kjem ein dag i morgon. Ho blir ein fin dag. Let oss halde fast i håpet, og teke vare på kvarandre. Romanen gav meg ein stor respekt for menneske som har mista nokon i sjølvmord, spørsmåla dei sitt igjen med, følelsane som rasar og eg kjenner eg er nyfiken på korleis livet etterpå kan vere.
Med økt innsikt frå leseopplevinga, gir eg terningkast fem: Ei bok som fortener å bli lese av alle slags medmenneske.
