I den seinare tida, har forfattar Brynjulf Jung Tjønn vore skreve om og snakka om av andre leseinteresserte eg kjenner, og i media og. Han er for tida særleg aktuell med romanen Kvar dag skal vi vere så modige (Samlaget 2021). Han vart nemleg vinnaren av P2 lyttaranes romanpris! Eg har ikkje lese den boka enno, ho står på ønskjelista til seinare. Eg har akkurat lese ein annan av hans romanar, som vekte mi interesse med ein gong eg las tittelen faktisk. Den boka vil eg fortelje om i dag.

Alt det lyse og alt det mørke (Cappelen Damm 2017) er ei forteljing om ein mor, Vibeke, som bur på institusjon og dottera Hildegunn som vart tatt frå henne då ho var lita. Vi blir kasta inn i historia om Vibeke sin oppvekst med at Hildegunn, som har vorte vaksen og går gravid no, vitjar henne der Vibeke lev på institusjonen.
Dei to har ikkje sett kvarandre på mange år. Vi får djupt innblikk i Vibeke sin oppvekst, far hennar, forsøka hans på å skydde dottera i alt det lyse og alt det mørke, skuggane Vibeke var så redd for, faren som forsvinn, korleis ho må leve hos syster hans i konstant uvisse om kor far er.
Vi blir med inn i eit liv med sakn, redsle og tap. Vi følgjer med på livsreisa, ser Vibeke bli mor, er med ho i også hennar freisting om å skydde, strevet, det mislukka. Så hendar noko, eit klimaks som endre tilveret for Vibeke og dottera, det som tar Hildegunn bort, vi får ikkje vite kva for hending, før mot slutten, så eg skal ikkje røpe det her, vere ein spoiler, nei det vil eg ikkje vere. Eg vil heller dele mørket, og tynne det ut med strimer av lys mellom trekronene.
Språket er vakkert og sanseleg, eg sansar og svermar og elskar skildringane. Det fjerne, det nære, det mørke, det lyse. Vona, dauden, håpet att og livet. Både lukka inne på institusjon og ute i samfunnet, kjenner eg dufta av dyr og barnåler. Boka blir eit album over det som har vore, og ei opning mot neste generasjon, som veks i magen hennar Hildegunn.
Eg håper Hildegunn finn vegen i skogen, gjennom kratt og tette tre. Eg vonar Vibeke slepp å vere stokk stiv av angst. Eg håpar på sirklar av liv, som ikkje berre gjentek alt det mørke, men også slipp lyset til. Boka lyser for meg, som ein refleks gir respons når ein på ein måte setter søkelys på den, som når eg i bil kjem kjørande med frontlyktene på og får auge på noko meir ein skuggar langs vegen: Det er menneske.
Alt det lyse og alt det mørke er ei sart og sterk bok. Eg vil anbefale ho på det varmaste, som eit lyspunkt i, ja, alt det mørke. Sterk femmer frå meg, som gler meg til å både å høyre meir frå forfattaren og leve meg inn fleire av bøkene hans. Lesinga gav meg innsikt, innpass og ein stor oppleving av at vi menneske høyrer saman.