bokanmeldse

Så lenge det er håp… – vil EG tru

Eg har lese endå ein roman på nynorsk, denne gongen av journalist og forfattar Laura Djupvik som eg ikkje hadde lese noko av frå før. Boka ber tittelen Hjartet er ingen logrande hund (Samlaget 2019) og var hennar tredje roman. I 2020 gav ho ut No fær huset – forteljingar (Samlaget). Ho har også skrive bøker for barn. 

Eg-personen i Hjartet er ingen logrande hund er ei dame som reiser heim til foreldra sine når mora er svært sjuk, syng på siste verset og er døyande. Eg skriv det så direkte, fordi forfattaren ikkje legg noko imellom i skildringane. Samstundes har eg-et eit eige liv ho på sett og vis ikkje har heilt klart å skape seg. Ho har berre sporadisk arbeid og kjærleiken funker ikkje, ho fortel ikkje om kjærasten til familien sin ein gong, alt heng i lause lufta. Ho vender seg til ein du-person gjennom boka, som vi som les skjønar er kjærasten. Eg-et slit med skam, tvilar og ho lever i stor del i si eiga einsemd.

Faren er sterkt religiøs og det prega oppveksten hennar og det sit fast i ho no, medan ho er saman med han i hans alderdom og han syng på salmar og ber bøn. Han var organist i kyrkja då han arbeida, dirigerte kor og han var i det store og heile annleis enn dei andre fedrane, dei som ikkje trudde like mykje på Gud. Kan han konfronterast no? Og tru kva godt det kan gjere – eller kunne det faktisk ta ho nærmare denne du ho kanskje elskar?

Ein seier ofte: så lenge det er liv er det håp. Mor døyr. Far skal same vegen. Men sjølv når døden kjem, går livet vidare for dei som er att, på eit eller anna vis, det er livets naturlege gang. Midt i dette såre romanen formidlar klamrar eg meg til eit anna ordtak eg vaks opp med. Det ljodar: Tru kan flytte fjell. I boka, skriv eg-kvinna: 
«..så lenge far min finst, finst Gud. Det er vanskelegst å gi slepp på det ein ikkje trur på, slår det meg, for då slepper eg taket i noko som har vore alt for dei eg er glad i. Som om eg tek farvel for alltid.» 
Dei setningane gav meg gåsehud, samstundes med ei indre, fjellstø tru. Eg trur samhaldet held oss saman, i liva våre. Så lenge eg kjenner håp, som eg gjer i denne teksten, vil EG tru. På menneske på jorda, i det minste.

Eg gir meg ikkje. Til døden skil oss, tenkjer eg nemleg vidare og spinner som ein glad snurrebass i eit barns hender, for framtidas skuld. Eg ber stille om at framtida må ligge framfor oss, og at det helst skal vere lengst mogleg til eg mistar nokon eg er glad i att. 

Størst av alt er kjærleiken, freistar eg meg, takkar for boka og merksemda. Ho var en ein forteljing som verka rakt frå levera: sår, sårbar og kraftfull. Eit godt litterært verk med tematikk som absolutt engasjerte meg – utan at eg tidligare har tenkt og fundert så mykje på korkje religiøsitet og tru eller det å miste nokon veldig nære om ein skulle ha noko usnakka eller uoppgjort med ho eller han. 

Auga mine er opne opp, eg ser klarare og fleire nyanser. Sjølv om det dramatiske og det absolutte ved døden skremmer og riv meg opp, er det godt å kjenne at ein leser ei sanning, at ikkje alvoret er tilslørt, dekka til som ei sminkedokke. Boka vipper seg opp mot ein femmer på terningen, for meg. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s