Eg snubla over ein liten roman eg fikk lyst til å lese ein dag eg var på bokhandelen. Eg har tidlegare lese Eit praktisk menneske av Kjersti Rorgemoen. I butikken låg plutseleg Håpet og festen framfor meg (Kolon forlag 2015) av same forfattar. Boka blei med meg heim.
Ei ung kvinne, vi ikkje får vite noko namn på, bur tilsynelatande svært permanent på ein midletidelig hybel for studentar i Bergen. Ho er ikkje student lenger, og utdanninga ho ein gong tok har ikkje gitt henne noko yrke. Ho har gjennom NAV funne ein jobb i Fretex med å makulere dokument.
Kvinna har masse humor, og fleipar med at ho er med på å laga eit meir papirlaust samfunn. Noko som heller ikkje stemmer, og ho innser det og er på mange måtar eit reflektert menneske. Det kan verke som ho har mykje tankar, men ho likar å bli forstyrra i tankeverksemda av venner.
Eg blir med ut på byen, inn i diskusjonar, inn i kjensla av å vere den som ikkje stiftar familie. Ho vert aleine på nyttårsaftan etter å ha blitt lei av foreldra heime på juleferie, som ein utvakst og opprørsk ungdom. Samstundes er ho klok og medviten om seg sjølv, hennar sterke og svakare sider. Ho finn håp saman med ein annen i hybelhuset, somme tider. Eg finn håp i boka, og er med på festen som kan verte bra eller meir middelmåtig. Som tilveret sjølv?
Romanen er finstemt og fintfølande. Ho har ei god balanse mellom den praktiske kvardagen og korleis den kan kjennast på innsida.
Det som gjer boka litt utilgjengeleg for meg, er at det er flittig bruk av framandord og noe avansert språk. Det er også gøy og gir krydder til teksten, men kan verte litt mykje til tider og da tar eg meg sjølv i å skumme sida i stadet for å lese ho skikkeleg, som eg eigentleg vil, eg meldar meg ut og kjenner meg utilstrekkeleg liksom.
Alt i alt likar eg boka godt og synst ho bør lesast både av studentar i hybelhus og oss som kanskje har komme «vidare». Ei spennande, morosam, kvikk og underfundig forteljing som lét meg sjå menneske under overflata. Eg gir boka fire sterke og klare auge på terningen.
