bokanmeldse

Tipp-pop

Eg har lese ei eldre bok av Frode Grytten. Ho er ei novellesamling som blei omfamna då ho kom, var kanskje eit slags gjennombrot for han òg, og som enda er relevant. Boka heiter Popsongar (Samlaget 2001).

Boka inneheld 24 timar, 24 stader, 24 songar og 24 historier. Boka er bygd opp rundt kvar sin pop-song, kvar historie er skriven til ein song. Det er ein annleis måte å komponere ei bok på, og det fungerer. Eg vart fenga og tok meg sjølv i å bli interessert også i musikken, eg ville vite meir om tonane som gav slik særeigen rytme og klang i forteljingane.

Eg opplevde menneska på ein annan måte trur eg, gjennom musikken. Som om eg så med eit meir nyansert filter, der menneske nesten tok til å danse framfor meg. Boka er lys og lett pop med filmstjerner og poesi, blanda med undertonar av kjærleik, brot og operasjon på sjukehus.

Eg fikk spennande bileter i hovudet, av andre versjonar av John Lennon, og moglegheitene som finns om ein berre skriv. Vi kan skrive fram alt mogleg – som musikk, historie og ei verden vi lev i – akkompagnert av oss sjølv og applaudert av lesarane, om dei liker det dei les, eller blir opprørde, reve med og engasjerte.

Denne boka vil eg foreslå å lese for alle musikkelskare, for alle skrivelystne som leiker med novelleforma og for den jamt over leseglade, også dei som synst det kan vere litt langtekkelig med lengre romanar og/eller ikkje greier å konsentrere seg då. Her er det korte historier, med rikt innhald. Det er ikkje vanskeleg å følgje handlinga – ho er lett tilgjengeleg – samstundes som boka tilførte meg noko nytt (for meg) og annleis.

Eg synst novellesamlinga fortene minst fem auge på terningen og eg vil sjølv lese meir av Frode Grytten framover, kanskje både fleire noveller og eit par romanar. Eg hell dykk oppdaterte om lesinga mi, takk for merksemda.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s