bokanmeldse

Surreal Dream 

Eg har lese ei bok fylt med noveller. Den er skriven av Gunnhild Øyehaug, som eg har lese ein del bøker av frå før, og heiter Draumeskrivar (Kolon forlag 2016.) Boka er lyst og varmt oppe i dagen att no, med at Øyehaug med ei av novellene vart ein av vinnarane av O. Henry Prize for Short Fiction 2022. Ho fekk prisen for novella «Eple» som er å finne i denne «drøymesamlinga», og seinare stod i tidsskriftet Freeman’s nummer om kjærleik, der omsett til engelsk av Kari Dickson. Boka Draumeskrivar har eg fått som eit lesareksemplar frå forlaget. 

Då eg byrja å lese, tenkte eg ikkje stort over tittelen. Eg berre las. Eg vart overraska, nyfiken, forvirra, sjokkert, glad! Alt på ein gong, som var eg ei forvirra høne med mange påskeegg i lufta her eg satt og las. Så skjønte eg, det er dette med draumar. Draumar er ikkje røynda, dei opptrer annleis enn den vakne verda vår, men likevel, ein del av oss, disse draumane, våre eigne og kvarandre sine. Eg spissa auga mine og skimta fyrverkeri og stjerner i mørkeret, mi nye drøymeverds synte seg. 

Eg kunne no byrje å sortere og tolke. Men mest av alt, blei eg med på å drøyme verda slik ho også kan vere. Det er ikkje berre ei sanning, dei fleste menneske har si eigen, som er sann for dei, i ein rekke situasjonar og kjenslelivet. I tekster som i denne samlinga, kan menneske forsvinne ut av vegger, til dømes, og byrje å gå, me kan snu oss etter kvarandre der me ikkje er, vil vi finne kjærleik til dømes, eg berre spinner rundt no, som eit draumehjul og eg blir ein draumefangar. Ting kan vere snudd på hovudet. Kona er vakrare enn elskarinna til dømes. Og eg likte det!

Surrealistisk samling tekstar og tema, men likevel heilt tett på menneske, liva våre, draumane, det som bur i oss, det vi flyttar ut av og inn i, er dette livet, kan vi leve det, kan vi fortelje om det? Eg trur det er difor nokre av oss skriv: for å skape verder å leve i også når røynda verker umogleg, og å gjere det vi tenkjer og føler til verkelegheit. Eg blir også lettare akseptert av både meg sjølv og andre om eg greier å sette ord på innsida mi, ja dette viktige med å uttrykke seg. Fem på terningen frå meg.  

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s