Eg har lese eit lite praktverk i artig og eksklusiv innpakning, av Paal-Helge Haugland (Cappelen 2008). Kvartett 2008 består av fire sjølvstendige diktsamlingar som også har ein innbyrdes samanheng: Gs bok, Dantes oske, Passasje og Visum. Eg har hatt verket i bokhylla i ein årrekke, men eg trur det er fyrst no eg verkeleg har lese det, frå permar til permar.
Likt som dei fire årstidene har dei alle fire kvar for seg ein sentral del i eit totalt år/heilt bilete. Det blir ikkje det same om ein tek til dømes vinteren vekk, eller visumet, eg vil kjenne sommaren i håret, på reise i mitt eiget sinn, her draumar eg og sett meir lesing av Haugland ned på kalenderen min.
Dikt er til å drøyme saman med. Puste inn, tygge, reflektere, smake, tygge att og eg spyttar nye ord ut. Frå det eg har lese. Mine egne opplevingar låner eit språk. Haugland gir meg gamle ord på nye observasjonar, eg plutseleg ser rundt meg, med auga på gløtt fyrst, vidar meg så ut, gir meg sjølv ei stemme og tenker at ordets makt er viktig nok. Eg som lesar får kjenne meg levande, fordi dikta og språket engasjerer.
Kvar bok taler, til og frå, nokre av den vestlege kulturens grunnskrifter. Like mykje skildrar dei samtida vår. Noko flettast saman, noko har si eige form, slik eg opplev det. Verket verker inn på meg, og eg blir nyfiken og skapande sjølv. Eg både reflekterer over det eg les, og skriv mine eigne «svar» med ei ny stemme, men framleis mi. Som om bøkene og eg saman lager ein symfoni nr. 5, der komponisten av forfattaren og er ein viktig korist, somme tider solist.
Kvartetten var nominert til «Ungdommens kritikerpris», eit teikn på at ein fullverdig forfattar og høgverdig poet som Haugland også kan makte å skrive slik at ein treff dei som ikkje har like lang livserfaring, enno. Ein boksamling å dvele ved, leve med og vekse på. Oppimot seksar på terningen frå meg.
