Eg har lese ei fersk sakprosabok for ungdom. Ho heiter Dei dødsdømde og er skriven av Aina Basso (Samlaget 2022, lesareksemplar frå forlaget), ein forfattar eg tidlegare har lese tre historiske romanar av. Eit kjenneteikn ved henne, er at ho skriv så historisk korrekt, ho er ein god historikar (attpå at ho utvilsamt også er ein god forfattar eg likar å lese). I denne boka gir ho meg kjøt på beina til det vesle eg frå før visste om dødsstraff. Boka er illustrert av Kristian Krohg-Sørensen.
Boka inneheld fleire historier, som fortel om slutten av eit menneskeliv, enden på visa, punktumet i historia, for fleire personar. Boka utgjer historia om dødsstraffa i Noreg. Ho rommar nokre av dei som blei avretta.
Historiene går langt tilbake, som til ei kvinne som blei drepen i 1301 for å vere prinsesse («falsk prinsesse») men også heilt fram til dei som vart avretta etter krigen (2. verdskrig). Sjølv om ingen i Noreg har blitt avretta i fredstid etter 1876, er det så seint som i 1979 dødsstraffa blei avskaffa i Noreg.
Eg las om ulike metodar for dødsstraff, til dømes: elektrosjokk, henging, brenning på bål og halshogging. Menneskekjøt som blei reinskore – menneske som blei partert. Kroppsdelar blei i somme tilfelle sette på utstilling så andre kunne sjå, og kanskje vegre seg mot å sjølv gjere lovbrot, von om ein avskrekkande effekt.
Dødshistoria/histioriene kan vere skremmande å lese, men også veldig fengslande synst eg: eg blei engasjert og nyfiken. Eg las frå perm til perm på ein kveld. Bak i boka er det ei liste over kjelder, bøker, nettsider og andre stader ein kan finne meir stoff om dødsstraff om ein vil lære enda meir om temaet.
Boka får fram ulike argument. Boka syner oss at sjølv om det kan virke fjernt at vi har dømt menneske til døden no, skjer det enno i fleire andre land. Tema er difor brennheit og noko å ta stilling til også i verdssamfunnet i dag. Aina Basso legg fram argumenta for dødsstraff med grunnar for og mot. Interessante samfunnsperspektiv verte eg merksam på, og eg tenkjer ein del på kva eit menneske er verd no. Eg grøsser også på ryggen over tanken på dødsstraff som har intruffe som seinare har vise seg å ha vore justismord, den avretta har ikkje gjort det den var skylda for.
Her har eg fått noko nytt, som er gammalt (historisk), å diskutere med menneska rundt meg, i møte med framtida også. Eg er overraska over kor godt eg likar å lese sakprosa ein gong i blant, men trikset er nok at fagstoffet er godt formidla. Eg trur denne boka passer for både dei store barna, frå tolv til seksten år trur eg var målgruppa, og oss vaksne som vil ha litt meir kjøt på beina til det vi kanskje har lært om sjølv ein gong, friske opp og spe på med ytterlegare kunnskap. Eg gir boka ein seksar.
