Eg har lese enda ein roman av Aina Basso, Fange 59. Taterpige (Samlaget 2010, pocketutgåva 2011). Eg har jo nemnd at å lese historiske romanar verkeleg har opna ei ny verd for meg, tilbake i tid. Det får meg til å sjå lyst framover, på meir lesing. Fleire forfattarar å oppleve, meir historie å lære, og moglegheit til å forstå menneske i samtid og historisk perspektiv.
Fange 59. Taterpike gir oss essensen av sytten-hundre-talets kvardag, står det i ein kommentar frå Adresseavisen på framsida av boka. Og eg tenkjer: «Verkeleg, var det sånn?» då eg var ferdig å lese. Det er så vanskeleg å forstå. Men Basso hjelper meg å forstå, med å fortelje detaljert og nyansert. Eg ser for meg dialogar i røynda, menneskeskjebne, kjensler. Menneska blir til å ta å kjenne på, dei som levde ein gong blir levande for meg no.
Boka er basert på verkelege hendingar, men er ein roman så ho er ikkje identisk med røynda. No skal eg komme til handlinga, du er sikkert nyfiken du som les om denne leseopplevinga no. Eg fekk møte Maria, som hamnar på tukthuset, seksten år gammal og får livet snudd på hovudet. Ho var ute og reiste med familien sin, ho var tater, og blei oppteken og tatt til fange. Det var ikkje lov å leve som tatarane. Det seiest at dei lyg, stel og sett ut trolldom.
Maria saknar livet på landevegen. Ho arbeider med å karde ull og tek seg av sonen til ein av dei andre fangane, ei kvinne som vert sjuk. Ho lærer også matlaging på kjøkkenet, og etter godt arbeid får ho komme ut av tukthuset og hamne i teneste hos ein prest og prestefrua i stadet. Livet syner seg både der og på tukthuset med fleire moglege venskap. Likevel, draumen om flukt bur i ho og saknet på nokon ho ein gong var forelska i.
Boka har sider med historia frå livet før ho vart fange fletta mellom handlinga som er no frå ho kjem på tukthus og i livet i teneste. Det gir boka eit poetisk og vakkert preg, det er ei bok som pustar av liv. Eg kjenner pulsen min slå, hjartet bankar, eg er glad og eg er redd medan eg les. Kva vil skje med Maria? Eg kunne ønskje det hjelpte å berre be sine Ave Maria.
Eg kjende meg som ei jente og kvinne då eg las. Eg følte det var små hemmelegheiter jentene i mellom. Eg kjende meg inkludert, og eg ville kviskre og halde på historiene til jentene, og heie dei andre fram også. Plutseleg forstod eg noko av banda som kan vere mellom jenter – og kvinner når dei blir vaksne – gjennom denne beretninga frå fortida.
Terningkast er mellom fem og seks: – eg er bergtatt av disse historiske romanane og denne svikta heller ikkje. Noko som Basso er ekstra god på og som òg gir liv til historiene som blir skrivne av henne, menneska ho skriv om og bøkene hennar i heilskap, er dei gode skildringane av naturen. Eg får lyst å sette meg ut i graset og høyre det gro, nett no.
