Åh, kva skal eg meine? Kva skal eg skrive? Eg vil berre lese. For det er så spennande bøker å finne for tida. Nett no, har eg lese Leonora Carrington, kunstmålar og forfattar som levde frå 1917-2011. Romanen Høyreluren er no omsett til nynorsk på Samlaget (2022) av Gunstein Bakke. Boka mi er eit lesareksemplar frå forlaget.
Då eg opna boka, visste eg det var ei surrealistisk bok som venta. Eg håpte på morosame, absurde bilete i hovudet mitt, noko å humre litt med. Og nett det skjedde, då eg byrja å lese. Hovudpersonen er Marian Leatherby som er 92 år gammal. Ho blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Venninna Carmella, gir henne ein høyrelur. Med den, tek ho inn meir av verda.
På pleieheimen, der ho blir fortald ho skal venje seg av med grådigheita si for å komme betre ut av det når ho forlèt verda trur eg, få innpass hos Gud, får alle pasientane små måltid. Ekstra mat kostar ekstra pengar, som blir utgift for dei pårørande og ikkje noko pasientane sjølv kan velje seg. Det fører til at når ho har ete opp, er det lang tid å sitte ved bordet utan å ete. Då ser ho på eit maleri som heng framfor ho.
Maleriet er av ei mystisk abbedisse. Ho blunkar til Marian. Via denne blunken, bli vi tekne med fleire hundre år tilbake i tid, til eit oppdrag for å bringe den heilage gralen til sin eigentlege eigar, når Marianne får ei bok om abbedissa sitt liv frå ein av dei andre gamle kvinnene. Eigaren er gudinna Venus. Eldreopprøret, under leiing av Marian sjølv, hjelpt av venninna, fører til omveltingar i pleiesituasjonen og ei magisk ferd etter den heilage gralen. Til tider er det forvirrande, til tider hysterisk morosamt og alt i alt er det ei gledeleg leseoppleving.
Romanen er forut si tid. Han peikar på klimakrise, økokatastrofe, politiske oppgjer og kvinnekamp. Eg vonar kvinner får gehør framover, så eit underjordisk kollektiv kvinnene treng å danne i boka, ikkje blir røynd. Varulvar og ulvar og bier er fine kvar for seg, men saman kan det bli litt farleg å leve heilt saman. Eg ønskjer fred, men òg fred inne i menneskesinn. Det fortener ein når ein blir gammal. Om ingen kan høyre mi bønn, får eg kjøpe dei ein høyrelur.
Boka avsluttast med etterord av Susanne Christensen. Der lærte eg litt om Carrington og hennar liv. Carrington har også skrive ei sjølvbiografisk bok om å vere psykisk sjuk – Down Below – som eg vonar kjem ut på norsk ein gong. Høyreluren er samfunnsaktuell og tidsaktuell sjølv fleire tiår etter ho er skriven, ei bok som no skal få stå seg i hylla mi. Eg gir henne ein femmar på terningen. Einaste grunnen til ikkje heilt seksar for meg, er at når eg skulle forstå kva som skjedde med abbedissa gjennom gamle dokument, var det litt vanskeleg for meg å henge med.
Kanskje vil eg skrive no, likevel, vere ei stemme eg óg.
