bokanmeldse

Naudvakker

Nokre gonger når ein er sjuk, kan det kjennast godt å lese om sjukdom synst eg. Eg nytta høve no til å lese ein roman eg har hatt på lista ei lita stund, etter tips frå min mentor tidlegare i vårhalvåret. Boka heiter Anne og er av Paal-Helge Haugen (denne utgåva: Cappelen Damm 2015). 

Anne er sjuk. Boka er
ein levande rapport om livet hennar, døden hennar. Om sysken, om naturen, om å rope på kvarandre, om å leve saman. Om å måtte flytte frå, bli boren ut, verte isolert. Om sjukdomslukta som set seg i veggane. Om livet som vaskast ut etterpå. Bokas mange fragment utgjer livsforteljinga og dødshistoria om unge Anne i Bygde-Noreg kring førre hundreårsskiftet. Eg veit ikkje kva av dei to som gjer mest vondt, når ein er så sjuk som ein kan bli av tuberkulose. 

Romanen kom ut fyrste
gong i 1968, bok på Samlaget i 1971. Boka blei rekna som ein moderne klassikar og henne var banebrytande. Romanen innførde eit nytt omgrep i skjønnlitteraturen: Punktroman kom inn i litteraturteorien. Punktroman inneber at teksten opererer med ei forteljing som ikkje er kontinuerleg men som er samansett av fleire stykkar. Ofte kan kvar tekst, som er kort og nokre gonger med litt lengde, lesast kvar for seg – samstundes som dei til saman gir oss ein større heilheit. I Anne er tekstane på nokre sider meir som eit dikt, på andre litt over ei side prosa. Innhaldet er dokumentariske fragment frå ulike kjelder fletta i hop med personlege tekstar. 

Sjukdomsromanen vart eit frisk pust, både i norsk og skandinavisk samanheng. Ikkje berre er romanen banebrytande i si form, eg tenkjer også måten å fortelje om ein livstruande, smittsam sjukdom på er unik. Framleis i dag. Historia skriv seg inn i meg og eg blir ein levande bok som vil bere Anne vidare. 

Boka gjekk raskt å lese. Ho er på knappe hundre sider og mange av dei er det berre litt tekst på. Men tekstane kan ein stoppe opp litt ved, dvele, drøyme tenkje seg fram og tilbake. Det er også ei bok ein med fordel kan lese fleire gonger trur eg. Ho er allereie ei favorittbok hos meg

Paal-Helge Haugen var berre 23 år då han skreiv Anne. For boka mottok han Nynorsk Kulturpris. Eg prisar meg lukkeleg for at boka er tilgjengeleg i dag, og det gler meg at ho også er pensum på nokre vidaregåande skuler. Kanskje denne boka eg gir terningkast 6 også hjelpe skuleelevar opp på seksarane i norsk-faget? Eg berre draumar.

Anna eg har lese av forfattaren: Diktsamlinga med fire bøker, Kvartett 2008.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s