bokanmeldse

Ei gåve til/frå forfattaren som gir venleik til menneska 

Dikt i samling av Lars Amund Vaage (Forlaget Oktober 2022) kom ut i mai i år, då forfattaren fylte 70 år. Boka er både ei feiring av han og ei litterære gåve til folket, som varma meg som lesar. Eg har kjend til forfattaren i ein del år, gjennom skrifta, særskilt fordi han våga å skrive –  og med det fått menneske i tale – om den tause autismen. Boka mi har eg fått som eit lesareksemplar frå forlaget. 

Dikt i samling er ei bok med fire samlingar, og er difor ei tjukkare bok enn mange diktsamlingar, noko å gå inn i og bli i ei stund. Ei GOD stund til glede, ettertanke og inspirasjon, sett med mine auge. Samlinga inneheld Det andre rommet (2001), Utanfor institusjonen (2006), Den stumme (2011) og Den raude staden (2014). Boka har òg flott etterord av Eirik Ingebrigtsen med tittelen Klangbringar, romsjåar. 

Forfattar Vaage har eit eige blikk, og det han ser framkallar han som eit fotografi, med orda til hjelp. Og egblir overraska over bileta eg får i mitt hovud når eg les, kor presise dei kjennast i meg. Som om han treff med akkurat rett eksponering, balanse mellom lukkartid og blendaropning, samstundes som eit særprega val av perspektiv, utsnitt og fokus – noko ganske utan om det vanlege som ein likevel kan sjå framfor seg. 

Eg blei bevega av dikta
 i Utanfor institusjonen, og treft av korleis det er innanfor òg, bilete frå der eg sjølv har vore og korleis dei som er glad i meg har titta inn. Vaage gav meg eit album frå mitt liv, og eit språk for de autistiske trekka mine, saman med namn på umoglege kjensler. Sjå, no vil eg skrive, fortelje, eige mi eiga historie. Det som var så særskilt fint å sjå, var korleis til dømes dikt om sauar kunne vere dei som verkeleg trefte meg. Dyr og natur og liv er mektig, på mange måtar mektigare enn sjukdom. Dette er ein frisk diktsamling, med djupe referansar. 

Alle bøkene i denne kvartetten utfyller kvarandre, og det kjennast som eit komplett verk. Likevel har eg von om enda fleire diktsamlingar frå Vaage i framtida. Poesien har ein eigen klang eg vil syngje av. Eg klappar for den eventyrlege og verkelegheitsnære stunda på ein og same gong. Dikt i samling burde bu i dei fleste bokhyller, både i heimar, skuler for vaksne og på institusjonar. Vi er alle ein institusjon; vi kan ha glede av å ha kunnskap om kvarandre, liva våre, å dele på kjenslene, dei vanskelege og dei fine. Det gåvmilde over Vaages litteratur får meg til å kjenne meg inkludert, godteken og nesten jambyrdig. Terningkast: Trillar på seksaren. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s