Eg ønska å lese noko av forfattar Inger Bråtveit og las om nokre av bøkene hennar for å bestille meg ei. Førstevalet falt på Siss og Unn (Oktober 2008) og ho blei til enda ei favorittbok for meg. I dag vil eg skrive litt om boka, som er skriven i direkte dialog med ein Tarjei Vesaas-roman eg også elska å lese. Kanskje vert det eg no skal skrive ei kjærleikserklæring til litteraturen – og då særskilt litteratur som våger å skilje seg ut i både form og innhald, medan skildre det vanskelege i nokre liv.
I Siss og Unn-romanen til Bråtveit bur Unn i ei lita bygd med mor si – Mummy Big – som elskar dottera si, men som ikkje kjem over sorga over faren hennar som har stukke av. Unn slit med å setje ord på kjensler, men ho skriv noveller. Eg kjenner eg vil lese dei. Meir omgjengelege Siss kjem flyttande til den litle bygda frå Sverige med foreldra sine. Eit vakkert vennskap veks fram, som vanliljer ser eg jentene for meg som blomane på stilkar når dei to dansar ballett. Båe jentene strevar med forhaldet til mødrene sine, og til seg sjølv og etterkvart til kvarandre òg.
Mummy Big vert sjuk, ho døyr, Unn må flytte til moster si. Forhaldet mellom Siss og Unn bølgjer og vatnet er djupt, det er vanskeleg å halde seg flytande. Vi får sjå skam, usikkerheit og utfordrande kjensleliv. Romanen fylgjer jentene gjennom ungdoms- og studietid. Liva deira utviklar seg i to retningar: Den eine retninga er kanskje betringas veg, ho får grobotn og blomstrar der, den andre retninga peiker til enda sjølv – ei jente går til grunne.
Boka er eit poetisk verk som snakkar direkte til personane i boka mange stader. Eg kvepp opp somme tider, undrar på om forfattaren snakkar til meg også når ho grip inn. Eg vekkast og eg følgjer med som ein hai i vatnet eg. Eg vil sluke rått, det er så kraftfullt, dramatisk og levande språk som utfordrar og freistar meg! Det er så fine menneske, ei sårbarheit, så søte kjensler, til å ete opp. Inger Bråtveit har gått i fri dialog med Vesaas sin roman Is-slottet, som også var ei bok som gjorde djupt inntrykk på meg.
Det gjer leseopplevinga annleis. Eg er takksam eg hadde lese Vesaas roman fyrst, eg var allereie venn med Siss og Unn eg, kjende dei som om dei var klassevenninnene mine. Eg stod litt på avstand og betrakta dei, slik eg stod litt utanfor og titta inn i mi oppvekst. Det er ikkje så lett å finne plassen sin venninner i mellom.
Boka gir eg ein svært sterk femmar samla. Eg held att seksaren fordi eg er litt usikker på forma nokre stader, med vekslingane: nokre stader stoppar det litt opp i flyten for meg når det vekslast kven forfattaren rettar seg til, om ho skriv i tredjeperson eller tiltaler karakterane, som om boka forklarar meir for å få dette til å fungere, at forfattaren må forklare meir for å kunne bruke forma ho har valt på ein måte. Men i sin heilskap er også den nemnde forma eit spennande element eg ikkje ville vore forutan her. Romanen er òg eit døme og prov på at forfattarskap kan stå seg og utvikle seg vidare gjennom lesarar og andre forfattarar, verte til større historier, ein ny heilskap. Romankarakterar lever.
Boka har no skrive seg inn til meg som ei av mine favorittbøker, eg kunne laga ein protokoll du kan blad i. Eg anbefaler romanen som ein hjarteven – ei bok å retta seg til viss man er glad i nokon og treng å kjenne seg att eller ha «nokon» å støtte og lene seg til. Om til dømes kjærleiken inni ein går til mor si eller ei venninne finn ein støtteord her, til dei vanskelege forhald, livsviktig kjærleik. Hjartet mitt slår no eit par ekstra slag. (Kan du høyre lyden av ei som elskar?)

En kommentar om “Snakkis: Når litteratur lever vidare”