Eg har lese Inger Bråtveit sin roman Alice A4 (Forlaget Oktober 2015). Tidligare i år las eg Siss og Unn som har utspring frå Tarjei Vesaas sin roman om Siss og Unn – Isslottet. Alice A4 går i ein dialog med Lewis Carroll si barnebok frå 1965 – nemleg Alice i eventyrland. Dette er ein spenande måte å møte ny og gamal litteratur på, i eit og same.
Alice er tenåring, bur med mor og syster si, i blokk i ein drabantby. Ho lengtar ut. Ut av reiret, gjennom spegelen eller nedover Autobahn? På eit tivoli i byen, der ho og systera blir spådd i gruten, treff ho ein som vert kjærast. Han køyrer bil og saman reiser dei nedover Autobahn på jakt etter Wonderland.
Det er ei bok om å både finne seg sjølv og miste seg sjølv, kva for kunst, kva for tryllekunst? Dette er ei bok om å meistre kjærleik, livet, det fastlåste og dei vide moglegheitene. Boka er opp ned og beint fram på same tid.
For meg, går boka ut av nettopp A4, samstundes som Bråtveit evner å halde att. Ho skriv om klasse, makt, sinne, kjønn, kjærleik ein både ønskjer og vil verte fri frå. Kan kjærleik ha logikk? Sjølv med eventyrets magi og eit meir levande, vakrere og rikare biletespråk enn ein er van med held forfattaren fast i rammer, ein struktur. Difor vert ikkje boka kaotisk. Eg les ho som eit godt døme på ein punktroman, med korte tekstar som kan lesast kvar for seg.
Sidan boka er intens, kunne eg nesten ønskje at forfattaren liksom var med på det intense, slapp Alice heilt fri. Men eg skjønar at handverket til Bråtveit, med den sterke kontrollen på det rikaste språket, gjer boka tilgjengeleg for fleire – og det er ei gøyal bok for oss som kjenner litt til Alice i eventyrland. Eg vil vekse på meg kaninøyre og høyre meir litteratur som vågar å gå i kjende bokverk og klassikare. Mellom 4 og 5 på terningen.
