
Eg har mangla i «den litterære erfaringsbasen min» å ha lese noko av Edvard Hoem som er ein forfattar som skriv nært og godt om menneske, relasjonar og landet vårt – på nynorsk. Eg gledde meg til å ta fatt på romanen Engelen din, Robinson (Forlaget Oktober 1993), som eg no nyleg har lese. Eg vil fortelje om boka nett i dag som eg skal oppleve han og dottera på konsert ved Dei nynorske festspela, Ivar Aasen-tunet.
David Storm, stormar vel ikkje, men kjem i alle fall, tilbake til ein småby på Nordvestlandet i ei von om å treffe bestevennen frå ungdomsåra, Johan Ferdinand. Johan Ferdinand er eit musikktalent, som spelte i deira ungdom, både saksofon og orgel. Han hadde ein kjærleik for jazz, men spelte òg meir klassisk orgelmusikk i kyrkje.
Livet der vi møter dei to no, er spelt ut på mange måtar, og kan ikkje berre settast på repeat eller venskapet plukkast rakt opp att. Men noko av det gamle, møtast att no – kjente frå gymnasåra på seksti-talet treff kvarandre og snakkar løyst og fast, drikk glas og går i gravferd.
Vi får «høyre» historiene frå no og den gong då dei var ungdommar, historiene rullast opp og på slutten er romanen så spennande at eg må ha han med meg når eg går på badet. Det er historia om Marianne, det er ei yngre kvinne, det er historia om eit mogleg farskap, det er utruskap og det er svikne vennskap.
Boka lengtar. Etter å høyre til. Etter å ha kvarandre. Etter noko som var, etter noko som aldri blei. Og ei nyfikenheit rundt kva som har skjedd og veier vidare skin, eg blir med på ekspedisjonen eg. Eg sit og ser på Cruise-skipet til Amerika, der draumar kjem til og frå. Det evig sårbare, som ein kanskje trur høyrer ungdomslivet til, er med oss. Det gjer at eg kjenner meg mindre åleine og gammal, kan få vere evig ungdom, og eg tek no plass i baren der David og Johan treffast att etter dei 25 åra vekke frå vennskapen. Eg vert med i gjengen, der ein framleis må streve for å vere innanfor.
Noko er også game over. Kjærleik som svann, menneske som ikkje lev lenger. Som om Cruise-skipet har gått på grunn ligg relasjonar hjelpelause, strevar med å få puste. Boka er likevel også lyspunkt. Ikkje minst for litteraturen og kunsten. Terningkast fem.
Nå gjer eg meg klar til vise, poesi og pop!