bokanmeldse

Eg pri(n)sar meg lukkeleg  

For mange år sidan, fekk eg ei lita pocket-bok, eg aldri las. Det var Den lille prinsen av Antoine de Saint-Exupéry, men boka var så liten at eg aldri starta på ho, teikningane så små, kor viktig kunne denne sparsommelege gåva vere? Men sidan har eg høyrt titt og ofte om boka frå den franske forfattaren og forstod kor viktig historia er, at den har noko andre forteljingar ikkje har, at ho som gav meg den då eg lå på sjukehuset verkeleg ville seie meg noko.

Då eg vart studentForfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og ville lese mest mogleg nynorsk, kjøpte eg ei litt større utgåve med stive permar – på nynorsk. Den vesle prinsen (Samlaget 2020) er omsett av Jon Fosse, med originalteikningane til Antoine de Saint-Exupéry. Kunne det verte betre?

Det er fyrste gongen denne barnebokklassikaren er gitt ut på nynorsk. Petit Prince, er ei av verdas mest omsette og lesne bøker. Eit artig fakta: Nest etter Bibelen er det den mest omsette boka. Det finst i dag rundt 300 omsetjingar av ho, og boka skal vere seld i over 200 millionar eksemplar.

Den vesle prinsen er ei barnebok som er svært høgt elska av vaksne lesarar også. Eg er no forelska og kunne trulova meg til forteljinga, boka sjølv og dei minste gleder i verda – for størst av alt blir kjærleiken då. Trur eg. Boka gav meg tru, håp og kjærleik. Lat meg fortelje. (Teksten fortset under biletet.)

Litt om handlinga: Ein flygar naudlandar i Sahara. Ein liten prins frå ein anna planet dukkar opp medan han freistar å reparere motoren. Dei to har ein lengre samtale, poetisk, filosofisk, dei undrar, dei diktar, og likevel er det sant som livet sjølv.

På ferda til jorda har prinsen vore innom ulike planetar. Han syner flygaren kva han har lært av dei han har møtt. Og flygaren syner kva han har lært av prinsen, gjennom å skrive historia til oss. Det er ei klok forteljing om det minste og det viktigaste i livet, til dømes kjem setninga: «Det er berre med hjartet ein ser godt. Det viktigaste er usynleg for auga.». Vi får sjå kva vaksne menneske ikkje forstår. Vi får sjå kva dei i stadet er opptekne av. Vi lærer å vere tamd, kva det vil seie å ha band til andre levande.

Denne barneboka skal for alltid bu i mitt barnehjarte, til eg blir gammal og kanskje berre har hjartet att å sjå med. Samstundes bed eg om orsaking til meg sjølv for ikkje å ha lese historia for mange år sidan, eg hadde ei lita skatt rett framfor meg og klarte ikkje sjå ho. Boka gjorde meg trist, rik og lukkeleg – og eg synst det kanskje er finare enn det beste kinderegget som er å få kjøpt. Det er ein trist-vakker bok med ein tematikk som aldri vil bli uaktuell enten man er liten, ung eller aldrande. Terningkast seks.


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s