bokanmeldse

På liv og død i ei bondeforteljing 

På Dei nynorske festspela 2022, høyrde eg programposten om Arv og plikt, der forfattar Kristin Auestad Danielsen var ein av deltakarane i samtalen og fortalde om den nye romanen sin Du er bonde (Samlaget 2022, lesareksemplar frå forlaget). Han fekk eg skikkeleg lyst til å lese, og eg las frå perm til perm no i helga.

Det er veldig gøy, inspirerande og motiverande og å høyre forfattarane snakke om bøkene sine, det gir boka ei ekstra stemme og eit rom utvida rom for å forstå og leve vidare med det som bur i teksten for meg. No bur noko meir i meg, enn før både samtala og leseopplevinga.

Hovudpersonen bur i meg no, så sterkt. Og eg, eg bur i meg! Som om eg fekk plass til å reise tilbake til noko som var, der hovudpersonen har noko av dei same minna som meg – som då kong Olav døyde, filmar eg også har sett og prinsesse Diana si død. Eg fann meg her, i sofaen med tårene på innsida av augelokka. Eg drøymde fritt og eg hugsa tilbake til røynda på ein og same tid.

På baksida av boka står det som er ein annleis, fengande og kort fatning av innhaldet:
«Du er bonde er ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.«

Alt dette rommar boka. Ho er ei bondeforteljing, frå slik vi kjenner landbruket i dag – både der det pulserer og der det smuldrar. Boka er om å vere odelsjenter. Hovudpersonen og venninna har båe ei plikt å følgje. Venninna går meir inn i jordbruket, medan hovudpersonen likar best tre – å plante eiketre, lage skog på Jæren. Trekronene veks, nokon vert sinna, ho må halde vegen open osb.

Det er mye humor, men også djupt alvor. Det er kjensler som gjer vondt. Det er eit venskap som er sterkt. Det er å miste nokon man verkeleg heldt av. Det er Gud, trur dei på han, det er gravferd, det er å vakne utan det som har heldt ein i hop, det er å sovne så himmelen vert mørk. Boka overraskar og beveger meg. Eg er rørt som blåbær frå lyngen som sette seg i skolissene.

Dette er ei bok eg ikkje hadde fanga opp sjølv, utan å høyre samtalen i Ivar Aasen-tunet. Eg er takksam eg fekk oppleve boka. Eg pleier ikkje vere så bastant når eg skriv omtalene mine, men denne gongen vil eg seie: Denne boka bør du lese! Ho er sår, tøff, var, annleis, nær, sterk, allmenngyldig og nydeleg. Mi varmaste anbefaling, helt nedpå jorda trampar eg fast terningen på 6.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s