bokanmeldse

Alfa omega kort fortalt 

I ein Podcast eg høyrde for ei lita tid tilbake, fanga eg opp nokre små setningar om ei av Frode Gryttens bøker. Boka heiter Vente på fuglen (Kagge Forlag 2014, denne utgåve 2017). Setningane som trefte meg i øyret med ein smell var: 
«Gut (16) har forskansa seg i ein / hettegenser. Situasjonen har vore fastlåst i / to-tre år. Dei får inn mat og drikke, / men guten kjem ikkje ut.»

Kort fortalt, er dette ei bok med ultrakorte noveller. Dei er til saman eit utval frå Grytten sitt Twitter-prosjekt som vart veldig populært. Eg synst det er utroleg kult, då kan dei med lita tid kome seg gjennom stor samtidslitteratur. Rett i tida, rett i lomma, eit annleis lommeur. 

Novellene til Grytten syner at det er mogleg å skrive magert om dei store tinga i livet. Det er fødsel, det er kjærleik, det er ungdomstid, det er truskap, det er farskap, det er utruskap, det er å leve saman og det er å døy.  

Taket i twitter-meldingane er på 140 teikn. På dei, fortel han altså vidt og bredt på kortaste vis om korleis menneske lever, elskar, hatar, går under og kanskje også om å reise seg opp att og opp att heilt til det siste? 

Sist men ikkje minst, ei bok med språklege kvalitetar eg verdset som lesar. Det ser ikkje ut til at ordbileta her lid noko tap av den korte forma, når Grytten har framkalla dei. Kanskje snarare motsett, dei får stå for seg sjølv på kvar si side. Terningkast vil eg trille mellom fem og seks, kor det landar? Det er det fuglen som veit. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s