bokanmeldse

For alt som har vore

Som forfattarskulestudent har eg oppdaga fleire forfattarar, både menneska og bøkene deira. Eg las Sigmund Løvåsen si bok Nyryddinga i vår, og no har eg gitt meg sjølv ei ny god leseoppleving med same forfattar. Eg har lese romanen Brakk (Samlaget 2006).

Brakk er ein frittståande oppfølgjar frå romanen Nyryddinga (2003). No møter vi Geir som nittenåring. Faren er død. Geir står att med hòl han freistar fylle att. At faren er borte og garden seld, har gått sterkt inn på han. Geir kjøper att det han kan, freistar halde noko ved like, drifta oppe å gå. Hesje, så, slå. Sauene steller han godt, med fars ord, hender og eige hjarte.

Midt i alle oppgåvene, ønskjer mor hans at han skal gå folkehøgskule i stadet: komme seg bort møte nye folk, ha litt meir fri. Geir vil ikkje sleppe tak i garden, bækarene eller faren. Gjennom heile boka kjem minner som går i hop med notida, faren veves inn i livet som er. For alt det har vore.

Geir må konfrontere seg sjølv, velje enda han sjølv berre ønskjer å halde garden. Skal han no likevel levere alle dyra til slakt og avvikle drifta av torpet sitt, eller berre levere dei slakteferdige og halde fram?

Boka gav meg ei rolig og god leseoppleving, men absolutt samstundes spennande: eg vert riven med i hovedpersonens vanskelege kjensler og val. Romanen skildrar naturen og oss menneske saman med dyr og jord. Boka har et poetisk men nedpå språk. Nært og intimt. Eg kjem under saueulla. Eg vert varm. Terningkast fem.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s