Eg har lese om att ein liten roman eg las sommaren 2006. Eg var då på ein behandlingsstad for psykisk sjuke. Eg trur eg lånte boka på det lokale biblioteket, og har sakna ho. Eg fann ei nyutgiving av romanen i ei samleutgåve med både denne og ein til, frå 2011, og bestilte ho. Boka heiter Vindauga mot matsalen vender mot fjorden & Flytårn. Då eg no var på sjukehuset nokre dager, hadde eg med med boka og fyrst vil eg fortelje om vindauga i matsalen, gjensynet med den forteljinga.

Vindauga i matsalen vender mot fjorden har små sider i det store livet. Boka tar liten plass, akkurat som den då anoreksisjuke eg-personen. Det er ei bok om å vekse, og om å vere livredd for å vekse. Det er om å gå frå barndom til å vere voksen, og det utan faren sin. Det er ein bok med ei sterk kjensle av angst, skrevet humoristisk og på snei. Slik både sjølvbilete og verdsbilete kan vere, også for meg. Eg kjenner att mykje av tankane frå å vere sjuk, og replikker frå dei som prøver å hjelpe. Korleis dei snakker kring pasientene. Eg vil også hjelpe, og kjenner at eg går i det same sjuke sjølv. Boka gir mot til å leve, ta vare på seg sjølv, trass alt.

Mette Karlsvik spring i tankane, leiker med orda, evner å gi det alvorlege ei stemme som er normal nok til at folk orker høyre. Ho lager bilete, er fotograf med bokstavane også, og framkaller også mine kjensler. På godt og vondt. Eg er ikkje einsam, og vi ser ut…. Terningkast for meg personlig er ein seksar fordi det er ei bok som har betydd så mykje over så lang tid, utan at eg har lese ho i mellom. Litt mer objektivt er det kanskje ein femmar, også fordi nok ikke alle greier vere med på det flyktige språket.