Eg har lese ein liten punktroman til av den poetiske og biletesterke forfattaren Mette Karlsvik. Romanen Flytårn kom i 2007, og mitt eksemplar er frå ei dobbeltutgåve (Samlaget 2011) der han kom ut saman med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden.
Forteljinga dreier seg rundt eit kontrolltårn. For meg var boka mest om livet der, forelskinga Flygeleieren gjer til ei som vaks opp i nærleiken, Nora og som byrja jobbe i kaféen og korleis familielivet dei lagar seg er – nesten Kontrollert det og – til Flygeleiaren vert kreftsjuk.
Når eg les bakpå boka, forstår eg at nokre av romanpersonane er så usikre på seg sjølv at dei reiser, medan andre er så trufaste at dei blir alvorleg sjuke. Men den tolkninga fekk eg ikkje automatisk i meg sjølv. Eg blei fengsla til livet på flytårnet, kampen for å vere familie og korleis det går mår ein blir sjuk, og korleis dei rundt den døde vert. Dottera Und spør om mor ikkje er sterk nok til å snakke om det. Ho spør to gonger. Gjentakinga sett seg i ryggmargen min. Eg skammar meg som om eg er mor og eg er redd som eit barn som ikkje får svar av mor si.
Ein vakker liten sjukdomsroman og ei kjærleikserklæring. Eg vil vere i teksten, lande på dei fine, sårbare og viktige linjene. Eg likte å lese boka. Terningkast opp mot fem.
