bokanmeldse

Ei boksak

Eg har lese sakprosa att. Det er fint å veksle mellom fag og forteljingar. Boka eg har tatt for meg no, er skriven av Jan Inge Sørbø og ber tittelen Fire store (Samlaget 2022.) Boka mi er eit lesareksemplar frå forlaget.

Boka handlar om fire forfattarar som har fått lite merksemd samanlikna med deira mannlege samtidsforfattarar – og Sørbø hevdar det kjem av at dei nettopp var kvinner. I denne boka freistar han å syne fram kvifor dei ikkje fekk plassen dei burde hatt, som dei med deira forfattarskap fortener. Sørbø fortel, argumenterer og formidlar godt.

Dei fire store han har valt ut til gjennomgangen – av både livet deira og forfattarskapen – er Marie Takvam, Aslaug Vaa, Gro Holm og Hulda Garborg. Sjølv visste eg eit og anna om Takvam og Garborg, dei to andre hadde eg høyrd lite om – med unntak av podcast i vår basert på boka eg no har lese, som vekka mi interesse og fekk meg til å ha lyst til å lese Sørbø si bok.

Gjennom Sørbø sitt arbeid, kjenner eg at disse kvinnelege forfattarane får ei slags oppreising – eg blir iallfall mykje meir bevisst kva dei har betydd for norsk litteratur, og moglegheita dei har skapt for seinare tiders kvinnelege forfattarar til å verte anerkjende som forfattarar og ikkje spesifikt «kvinnelege» forfattarar. Dei vart på den tida ikkje lesne på eigne premisser, men i stor grad ut frå kjønnet sitt. Til dømes, Takvam var ei litterær pioner frå debuten hennar i 1952 til 1992, medan media reduserte bøkene henne til biografiske skandalar og kva gjeld Garborg, vart ho kjend for si organisatoriske kraft, medan hennar mange skjønnlitterære bøker (ho skrev over 40 bøker innanfor romanar og drama) nesten er ukjente.

Gjennom boka om Garborg, Holm, Vaa og Takvam viser Sørbø korleis meldarar og litteraturhistorikarar kanskje har sett seg blinde på at dei var kvinner, og lesne tekstane berre utifrå det – dei har sett kvinneproblem i litteratur skriven av kvinner. I røynda, er tekstane deira viktige på mange områder og har tatt pulsen på indistriulisering, krig, bondesamfunn osb.

Boka har eit interessant utgangspunkt som er spennande å lese i, sjølv om eg tenkjer ein ikkje kan vere 100 prosent sikker på om det er kvinnerolla som har gjort at dei fire fabelaktige forfattarane har falle under radaren, eller om det er tilfeldig. Det er uansett viktig å utforske, og det er heilt på sin plass å sjå på kva dei har gitt oss – slik at vi kan oppdage litteraturen som har gått mange av oss hus forbi. Dette er derfor eit viktig og verdifullt bokverk og eg fekk skriven meg bak øyre nokre titlar eg har lyst å sjå nærmare på. Eg er fascinert.

Vidare vil eg nemne at eg gjerne skulle ha likt å lese litt meir om forfattarane som personar i denne sakprosaboka, og skrivemåten deira. Djupdykket går mykje inn i sjølve forfattarskapen deira, som er interessant, men det blir litt for mange ulike litterære referansar og bøker å holde styr på når eg ikkje har lese dei sjølv slik at eg mista litt tråden og evna til å halde fokus og konsentrasjon heilt oppe. Eg ville nok hugsa meir etter avslutta lesing om det vart meir forankra i deira ulike personlegdomar. Eg gir boka mellom fire og fem på terningen.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s