bokanmeldse

Finito 

Eg har lese ferdig Napoli-kvartetten til Elena Ferrante. Den fjerde og siste boka heiter Historia om det tapte barnet (Samlaget 2016). 

Historia om det tapte barnet møter vi igjen venninnene Elena og Lila, no som vaksne og etterkvart aldrande. Drama dei har hatt i liva sine, fortset å utspele seg. Eg var nokre gonger sjakk matt fordi eg tenkjer det er for mykje for menneske å tole, noko av det dei opplev. Samstundes er det spennande som eit godt sjakkparti, og boka syner også fram stormakter og samfunnsproblem. 

Båe kvinnene ville vekk frå bydelen. Elena gifta seg, flytta til Firenze og fekk to barn. Men ho får igjen kontakt med Nino, som ho var forelska i i ungdommen. Ho vert gravid. Elena flyttar tilbake til Napoli. Lila får også ei dotter. Men både kjærleik, venskap og familie kan gå tapt, det syner denne historia. 

Bakteppet for forteljinga er Napoli, den forførande og farlege byen i ei verd i dramatisk endring. Eg tenkjer, her er det mykje å ta tak i, gripe fatt i, feste seg ved. Eg vart forelska i menneskeskildringar, i portrett, eg heng dei på veggen, i glas og ramme. Dei er skjøre, kan knuse som egg. Det gjer meg redd, og uroleg for verda vår, samfunnet slik det kanskje veks fram. Eller verre, fell frå kvarandre eller i hop.

Boka gav meg ei avslutning, ei ro i sinnet og samtidig løfta siste boka meg veldig opp innvendig og sette bokverket særleg høgt i hylla for meg, som ei god samla leseoppleving. Eg er stolt av å ha lese ei komplett serie. Eg er takksam for at nett Ferrante sine bøker er utgitte på nynorsk, så poetisk og levande kjenst dei då – til og med også når noko eller nokon døyr eller går tapt. Ferrante har vunne meg. Fem pluss vil eg freiste trille fram på terningen. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s