Eg har vorte tipsa om Sissel Solbjørg Bjugn gjennom vårhalvåret 2022. Ho var ein spennande forfattar og poet som inspirerer meg. Då eg las essaysamlinga Miniatyrlesingar av Gunhild Øyehaug i mai, fekk eg kjennskap til barneboka Jenta i bitar av Sissel Bjugn/Fam Ekmann (Samlaget 1992).
Det er ein eldre bok, men med eit lite nettsøk fann eg boka og fekk bestilt henne i bokhandelen. Eg var særskilt ivrig etter Jente i bitar no som eg har litt auka fokus på barnelitteratur.
Eg sette auga mine på dei mange bitane som gjer dette til ei viktig bok og til eit større bilete på eit barns tankar og kjensler, ønskje om å gjere godt og rett og kva som skjer når med feilar.
Fyrst fekk eg sjå ei lita jente, Debora, som i spegelen såg ein gammal dame ho var oppkalla etter. Ho høyrde henne og. Ho var streng. Jenta hadde ete nøtter utan lov.
Jenta freista å gjere opp for seg, sjølv om foreldra hadde tatt meir ein ho i helga, heile to pakkar vin. Jenta byrja vatne blomane.
Ein vase går i tusen knas når ho prøver å gjere det fint og godt til foreldra, i stova. Jenta gøymer seg. Ho sovnar. Så draumar ho, og i draumen er det ikkje så farleg likevel.
Når ho vaknar, får vi sjå bitane felle på plass. Ein dag er kanskje jenta ei branndame som reddar menneske frå brennande hus!
Hjartet mitt brenn for denne litle historia. Eg vart somme tider litt forvirra, ho hoppa litt att og fram, mellom det som hende, draumane, jentas tankar, hennar fantasi, korleis ho laga forteljingar òg. Kanskje vart ho forfattar attåt?
Ein god femmar på terningen, klemmar eg fast mellom fingrane. Eg vil ha ein med i spelet og lage og skrive mine eigne viktige forteljingar også – i ein form som kan snakke til barn som Debora. Eg hadde likt å lese denne boka då eg var lita, når eg kjende eg kanskje hadde gjort noko eg ikkje skulle og trengte ein hand eller stemme til å lime meg fast til eit godt sjølvbilete att.
