bokanmeldse

Fuglar, englar og supermenn 

Eg har floge gjennom ei bok på nynorsk som har ein svensk tittel: Jag är Supermann, av Lars Mæhle (Samlaget 2017).

Det er ei underhaldande bok om å vere ung, på ein liten plass, der ting kjenst litt øyde får ungdommane, ei jente er sendt dit fordi ho skulle verte halden unna eit dårleg miljø i Oslo. Plassen vert likevel, og kanskje også fordi han er liten, eit sentrum for mange slags mennesketypar, skjebnar og kjensler.

Vi møter ein ungdom som er litt eldre enn dei andre som har førarkort. Han køyrer rundt på dei yngre, og han gjer mange freistnader på å verte tatt inn i gjengen, kjenst det ut som for meg. Eskil og Bjørn, blir vitne til at ei ung, svensk jente hoppar i elva. Bjørn mister veslebroren sin, ein svart engel. Marianne er skikkeleg fin jente, som Anders er forelska i. Ho er besøksven på sjukeheimen, og for å få seg kjærast blir han det same. Der møter han ein sur, gamal mann. (Kuriositet: Frå det møtet, kjem ein artig replikk ut: «Ser eg ut som ein som likar å spele Yatzy?» som seinare vart brukt under dei Nynorske festspela, same år som boka kom ut då forfattaren var årets festspeldiktar (2017). Den t-skjorta som ble laga då, har eg sjølv stått og sett på med mine eigne, oppspilte auge. Det var difor ein morosam ting å lese setninga mellom to permar.)

Vidare er Stian forelska i Katrine og Tuva som var sendt frå Oslo, stel lommeboka hennar når dei jobbar saman i kommunen, som grasklippare, ein jobb Tuva fekk gjennom tanta som skal få skikk på ho gjennom sommaren.

I tillegg til alt som allereie føregår i bygda, ryktast det om at ein rømling er der. Dette og meir til, speler seg ut i boka, som ulike sider av terningane, satt saman i ulike kombinasjonar. Boka er på ein måte fleire små fortellingar, med ein samanheng som til saman utgjer romanen. Les og bli underhaldt, engasjert, trist og glad. Eg vil ikkje setje terningkast, eg vil spele Maxi-Yatzy og byggje meg både hytte og hus i dalen, kanskje eit tårn å halde oversynet frå, som ein falk. Vi treng alle nokon som kan sjå til oss, i det vanskelege tilværet.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s