Eg har lese ei barnebok med ni prosaforteljingar i. Boka heiter Innbrotstjuven (Samlaget 2004). Eg tok fatt på ho for å få inspirasjon til å skrive for barn – eg ønskte å få ei kjensle av korleis ein kan skrive for dei yngste menneska våre. Spoiler: Eg fekk ei god kjensle, ho sette seg i magen og letta som sommarfuglar.

Forteljingane er om Peder, ein liten gut. Eller er han ein prins? Det har han fått i oppgåve å vere i den fyrste forteljinga. Der er han skodespelar, den yngste prinsen av dem alle, fordi han allereie kan å lese som er nyttig til replikkane samstundes som han er akkurat passe stor/liten til førestillinga, rollen han skal fylle.
Forteljingane forteljar om dei små, daglegdagse tinga eit barn opplever, og kor store dei vert utan å seie det rakt ut. Boka er ein draum om å leve, og eit slags mareritt om alt ein har att å lære i livet sette seg også i meg. Eg vil fortelje litt meir om korleis det kjentest i noet:
Eg kjenner barneredsla medan eg les om Peder som trur han drep ei mus. Eg kjenner frykta når han gløymer replikken sin på scena og publikum ventar på kva han skal seie, korleis kunne manuset forsvinne?
Peder brakk armen då han fall og slo seg. Handa vert ein tynn, liten fugleunge han heldt liv i. Då handa vart heil att og «fuglen» døyde, var eg bevega av det eg las og kjende meg lita og hjelpelaus. Eg trengte trøyst og eg fann fram ein kosehund. Han er ein blå dachs i mjuk plysj. Ein skal halde fast i barnet i seg, ta hand om seg sjølv når det trengst. Hunden satt hos meg som ein blå ballong eg passa på at ingen stakk hol på.
Eg kjenner også att barnegleda, som ein svevande ballong ein kan ønskje seg. Gleda har eg også kjent! Ho lever i meg no også. Eg vart så glad og trygg då eg las om korleis Peder lærte å ta bussen inn til byen (nesten) sjølv. Eg smilte då han og mor hans gjekk saman igjen, etter dei hadde reist med bussen kvar for seg på same buss. Eg humra då Peder fann ei rosin i rundstykket mora hadde baka, så søt og god.
Dette er ei god bok, om både dei veldig fine og dei litt utfordrande tinga i eit barneliv. Så sitt eg her no då, og reflekterer litt likevel og difor. Kven er eg? Barnet som kjenner alt på kroppen, eller forfattaren som kan skrive om noko som har vore? Eller som skal bli no´?
Eg la meg om kvelden som ein mørkredd OG lukkeleg, drøymande jentunge. Morgondagen blei eg liggande å tenke på som ein vaksen person. Alle moglegheiter, og alt ansvar.
I tillegg til å vere ei emosjonell, spennande og ba(r)nebrytande oppleving for meg, er språket særskilt godt etter mi vurdering med barnebrillene på. Kaldhol har brukt korte setningar som syner mykje. Dei språklege bileta er tydelege og lette å førestille seg, eg framkalla dei i både lyst og mørkt indre rom. (Innlegget mitt fortset under biletet.)

Innbrotstjuven er ei viktig og fin, forteljande bok for barn om å vere nett eit barn. Ho er ei viktig påminning for oss vakse om kva som kan være verkeleg og viktig.
