bokanmeldse

Kjærleik på andre forsøk

Eg har lese Eg blir her av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (Samlaget 2022, lesareksemplar frå forlaget). Forfattaren vann Bokbloggarprisen og Årets Ulest for debutromanen Sinne (2020), som eg også las. Han gjorde stort inntrykk på meg, med sin unike framstilling av å vere ung og å leve med diagnosen ADHD.

Eg hadde store forventingar når eg no ville lese Eg blir her – ein ungdomsroman om ei jente på 16, om å vekse opp på ein liten plass, forelsking og å ha ein forelder med eit litt for stort alkoholkonsum.

I Eg blir her møter vi Oda (16) som gler seg til å henge med kjærasten sin heile sommaren. Ho og Sondre elskar kvarandre, dei kyssar like heit som på film. Sondra luktar mjuknaren mora hans vaskar kleda med og har mjuke leppar som kyssar hennar på munnen.

Daniel kjem til bygda. Han snakkar skit om faren hennar, han som drikk for mykje og har starta pub for turistane heime i stova si. Han gjer òg narr av hennar for at ho vil bli buande i den litle Vestlandsbygda som ho er glad i. Ho jobbar på hotellet og likar å gå tur i fjella.

Oda vil ikkje like Daniel. Han dukkar opp likevel, overalt. Han irriterer henne, fornærmar henne og smiler lurt.

Det er likevel ikkje til å le av. Det er vanskeleg å vere ungdom.

Daniel kyssar mjukare og rolegare enn Sondre, ho likar det betre sjølv om ho ikkje vil kjenne den kjensla. Samstundes som Oda slit med å sortere kjenslene sine og gjer sånne feil som ungdom gjer, som å miste ei ferje, kome for seint heim, hamnar faren på sjukehus med hjarteinfarkt. Det gjekk ikkje bra å drikke så mykje.

Romanen er ei varm
historie som bøljar både innvortes og utanbords. Boka syner det ambivalente, det valdsame og det som er vevert. Eg blir her er eit eventyr som er heilt tona ned, slik livet kan vere. Vanskeleg men vakkert – trass alt verdt å halde ut. Femmar på terningen frå meg, med von og tru på framtida.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s