bokanmeldse

Ny tru på den heilage boka

Eg har lese ei storslått illustrert barnebok, Barnebibelen av Kjetil Walgermo og Anna Fiske (Samlaget 2022, lesareksemplar frå forlaget).Forteljingane i boka er attforteljingar av tekstar frå Bibelen.

Forteljingane i Bibelen er blitt fortalde i hundrevis av år. Dei er spennande og syner interessante ting, uavhengig av tru eller ikkje-tru. I denne unike boka, som er gjennomillustrert, fargerik og fortald på ein måte som gjer at ein får eit realistisk knippe både tru, håp og kjærleik kombinert med «eventyrets» eller mirakelets magi, får historiene plassen dei fortener og truleg eit langt liv med nye verdsborgarar.  

Forteljingane frå Bibelen – summen av det gamle og det nye testamentet – er grunnlaget for den kristne trua og ein sentral del av den vestlege kulturen. Eg kjenner på kulturell forståing, at eg som lesar får ein samanheng til det rundt oss, når eg les denne utgåva. Eg får innsikt i både kristen tru og samspel mellom menneske, som kan gjelde for alle. Eg får eit nytt og klart perspektiv på moglegheitene ikring meg og kva mine val har å seie ikring: Det å kunne velje det gode, vise tillit til kvarandre og evne til å be om tilgiving.

Utvalet i boka er ein miks av dei mest kjende forteljingane og nokre som ikkje er like godt kjente, særskilt er det valt ut fleire historier med kvinner i. Innlegget fortset under biletet.

Boka er til å vekse på og med. Ein treng ikkje tru på korkje Gud eller Jesus for å få ei viktig, essensiell og eksistensiell leseoppleving. Og ein treng heller ikkje å vere eit barn for å sette pris på god attforteljing og glimrande formidling i ord og bilete.

Ei bok eg vil ha med meg, livet ut. Boka gir meg også stor tru på at Bibelen har eit stoff som er relevant til alle tider. Boka er relevant historie, visdom og litteratur og det formidla godt i tida vi lever i nett no. Terningkast 6.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s