bokanmeldse

Haustens finaste revestrekar 

Eg har lese ei av haustens nye barnebøker, ei biletbok skriven av Brynjulf Jung Tjønn og illustrert av Sunniva Sunde Krogseth: Gard er ikkje redd (Aschehoug 2022, lesareksemplar frå forlaget).

Gard vil bli med pappa på fjellet. Dei skal leite etter den siste sauen og lammet medan reven lurar i skogen. Men pappaen har dratt til fjells åleine, for mamma har andre planar. Gard skal leike med ei lita jente! Kristin er adoptert som Gard. Men Gard vil ikkje leike med ho, korfor skal han det berre fordi dei har same farge på håret, kjem frå same land?

Gard må finne lammet, redde det frå revekjeften. Han er ikkje redd. Han går åleine, inn i den mørke, skumle skogen. Der treff han reven. Lukkeleg kjem mamma og pappa og leitar etter han òg. Og reven? Nei, reven var vel ikkje så farleg når alt kom til alt, skulle berre ta vare på kvalpane sine.

Dette er ei bok om å høyre til – og ikkje. Dette er ei bok om å kjenne seg norsk – og å bli sett annleis på av andre. Det er bok om vaksne sin tru på korleis livet er for barnet som syner at også vaksne kan ta feil.

Ei spennande, varm og god bok som ber fram ei viktig røyst. Gard si røyst. Mi varmaste anbefaling, medan eg humrar til det treffande språket som tar deg vaksne på kornet og avdekker manglande deira/våre og eg smiler vidare til dei fine strekane som òg har teikna opp historia.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s