Eg har lese ei bok til i serien med klassikarar på nynorsk, utgiven av SKALD forlag. Boka heiter Lenz og er av Georg Büchner utgiven posthumt i 1839, omset til nynorsk av Jon Fosse (SKALD 2018).
Det er ein liten roman, under femti sider, med eit verkeleg stort innhald men i hovudsak inni eit einskildmenneske, Lenz- Forteljinga er basert på dagbøker som presten Johann Friedrich Oberlin skreiv. Dei er frå vinteren 1778 då forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkte tilflukt hos han.
Han skal ha vore forvirra og på veg inn i galskapen. Den galskapen får vi nå eit innblikk inn i. Han synst til og med det er keisamt å ta livet sitt, og sjølv om han freistar det frå tid til anna, endar han opp med å leve, eit slags liv. Og eg lev med.
Büchner kjende seg att i Lenz og skreiv denne skildringa. Ho skal ha gitt litteraturen ein ny veg også: Innover i menneskesinnet. Ein veg som ikkje tar omsyn til moralske fordommar. Denne teksten er fri, og eg flaug litt inni meg og kjende at nokre kjensler som ein kanskje skammar seg over finst det ein plass for. Kvelden eg las denne, kjende eg meg akseptert sjølv om kjenslene kan vere forbodne. Og eg vart glad for det forbodne og – det at menneske ønskjer at vi som har sånne tankar om å ta livet av oss, ikkje skal det. Vi høyrer til i livet, vi og.
Ei levande bok om det som kjennest kaldt, aude og i nokre ytste gradar og konsekvens daudt. Det er liv laga i litteraturen, her høyrer vi alle til og at denne klassikaren no er tilgjengeleg på nynorsk, gjer at den når enno fleire. Han kom rett heim til meg. Sterk femmar på terningen.
