bokanmeldse

Viss nasen din er skeiv… 

Eg har lese ein roman til i serien SKALDS klassikarar, ein serie av handplukka og vellagra verk i ny, nynorsk omsetning. Boka eg las i helga, som på originalspråket kom ut i år 1926, er: Ein, ingen og hundre tusen av italienske Luigi Pirandello (SKALD 2020). 

Eg hugsar eg las litt om handlinga, før eg kjøpte ho. Eg smilte for meg sjølv. Historia starta med at kona til hovudpersonen i den monologiske romanen, påpeikte at nasa hans var skeiv. Det hadde ikkje Moscarda sjølv sett, og det er utgangspunktet for heile forteljinga. Det at vi menneske ikkje kan sjå oss sjølv som andre ser oss. Dei ser oss utanfrå, og alle har sin måte å sjå på, si røynd. Vi ser ikkje det same. 

Dette rokka også ved mi eigen oppfatning av verda. Korleis ser du meg? Kven er eg hos andre? Ingen? Eller hundre tusen? Eg leita meg sjølv fram, ulike spegelbilete og ulike settingar, eg var gøymd for meg sjølv og på open scene.  

For meg var boka ei enorm oppleving, som gav meg større innsikt i meg sjølv. Eg blei både stor og lita. Eg blei meg, i mi røynd, og eg blei ei eg ikkje kan definere. Det er du som får sjå henne, kva gir du meg? 

Eg gir boka, romanen av Luigi Pirandello, ein seksar. Kristin Sørsdal har gitt han ei god nynorsk stemme med. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s