bokanmeldse

(s)kjønn det hen som kan

Eg har lese ei sakprosabok, noko eg likar å gjere i blant. Valet fall enno ein gong på ei bok frå Kristin Fridtun: Kjønn og ukjønn Ordhistoriske essay (Samlaget 2015). Eg synst ho skriv på ein engasjerande måte, i tillegg til at ho tar for seg tema som kjenst viktige når en les dei.

I boka om kjønn, lærer vi lesarar om ordet kjønn og historia til ordet. Vi lærer om slekters gang nærast, for ordet var før brukt mest i betydning slekt. Vidare tek ho oss – mot slutten av boka – over i preposisjonen trans!

Fridtun byr også på seg sjølv, si historie, sine personlege forhald til orda før og no. Vi får vite korleis dei har prega henne, kanskje vidare gitt henne ei form? Vi får møte Kristin då ho kom ut av skåpet som homofil og i reisa vidare, heilt over til å ikkje lenger ha behov for å seie «Jeg er ikke transe heller.» Kva kan enn vere, når er kjenst det fint å bruke dei ulike orda, for seg sjølv, om seg sjølv?

Noko av det som eg synst var særskild spennande, var der det stod om eit ord ein gav dei «vanlege» heterofile, som til vanleg slipp nokon merkelapp. Dei heiter siss! Eg er siss. Men eg kjenner igjen det med at det kan vere godt å plassere dei som er annleis enn meg i noko og, sjølv om det kanskje ikkje trengst. Ord kan kartlegge. Ord kan gi forståing. Språk kan kommunisere. Som autist, snakkar vi ofte om dei andre, dei nevrotypiske. Det er eit ord som andre sjeldan sleng ut av sei, når dei snakkar om menneske utan diagnose. Men vi som skal forstå dei andre, vi brukar det. Kanskje for å forstå – og respektere – oss sjølve?

Eg likte å lese, det gav meg innsikt. Eg lærde også meir om nynorskens historie, der Kristin mellom anna las i Aasen sin Norsk ordbok skreiv at kyn (kjønn) er «lidet brugeligt.» Nynorsken er ein spennande språkarm for meg å helse på. Femmar på terningen til Kjønn og ukjønn. Kjærleg helsing meg

P.S. I boka stod nemnt
ein artist eg høyrde mye på før, Antony Hegarty i bandet Antony and the Johnsons. Dei høyrer eg på i høgtalarane mine igjen no om dagen (takka vere Fridtun).

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s