bokanmeldse

Rike forteljingar 


I forfattarstudiet eg går er neste og siste tema og sjanger i skuleåret vårt, sakprosa. Eg fekk frå skulen boka Vi, dei fattige Åtte forteljingar om barnefattigdom (Samlaget 2021) som er ei sakprosabok. Boka er skriven av Maria Lavik.

Boka fortel om situasjonen med barnefattigdom i Noreg i dag. Vi møter foreldre som ikkje kan jobbe, eller som ikkje kan jobbe nok. Vi møter avslag på uføretrygd. Vi møter kø utanfor Fattighuset. Vi ser PTSD og dei bipolare. Vi ser barn med angst.

Boka introduserer oss for åtte familiar. Eg blir litt kjend med dei. Mest kjenner eg at fattigdom er så mykje meir enn låg inntekt og mangel på mat i kjøleskapet. Det er kanskje det vi ser, eller trur vi ser, når dei ikkje får betalt rekningar eller mister bustøtte. Dette er: Menneske som møter livet som ekstra utfordrande – fordi det blir nett det for dem.

Boka er ei unik og særeigen samling historier frå røynda. Ei røynd som er så rik på vonde opplevingar og utanforskap at det kan vere vondt å få vite. Likevel er eg takksam eg fekk meir innsikt.

Språket er både nøytralt og empatisk, enkelt å forstå og nyansert. Ei balansert bok som fekk meg til å drøfte, med menneske rundt meg, korleis ein snakkar om fattigdom. Eg vart veldig oppsett på at eg synst ikkje det å vere fattig er noko ein skal måtte vere stille om. Menneske har ulike liv, som ein lever som best ein kan. Det er det lov å si og skrive om. Dei fattige sine liv er ikkje mindre verdt enn liva til dei som får best betalt. Terningkast 5.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s