bokanmeldse

Ein himmel full av bokstavar


Eg er heldig. Eg har bokhyller fulle av bøker.
Eg kjøpte for ei lita stund sida Framom døden av William Faulkner (1930). Den passet godt å ta fram i oktoberhaustmørkeret. Klassikaren er ein del av serien til SKALD med omsetningar av klassikarar i ny, nynorsk drakt. Omsetninga er av Sivert N. Nesbø (SKALD forlag 2021).

Framom døden er ei dødsreise på harde livet. Romanen skildrar sluttfasen til mor Addie i familien Bundren. Vi blir med lenger enn til dødsøyeblikket. Der livet sluttar, byrjar nemleg ei reise gjennom eld og vatn. Familien har trøbbel når dei skal få lagt henne i jorda. Fyrst er det kista som må bli ferdig. Ein av sonene blir skadd i beinet. Ei bru vil ikkje bere dei og hestevogna. Dottera til Addie og mannen er gravid utanfor ekteskap og leitar etter ein medisin som kan få ende svangerskapet. Darl, den eine sonen, vert gal og ting går opp i fyr og glamme, utan at eg vil røpe meir om nett det. Det tar ti pinefulle dagar å få lagt Addie i kvile. Eg pusta ut då eg hadde lese ferdig. Det var så spennande undervegs at eg innimellom heldt pusten.

Forteljinga blir fortalt gjennom eit vell av ulike stemmer; Søner, mann, dotter, lækjaren, nabokone for å nemne eit utval. Dei gir eit rikt bilete, og blir saman eit levande storportrett av det menneskelege. Det som er grunnleggjande, for alle, og det som held oss saman og skil ein frå kvarandre.

Forfattaren plukkar frå kvarandre den alminnelege kvardagen og avdekkjer skuggesider. Dei kjem til overflata. Det gjer livet nokon gonger mørkt og vondt, men også rikt.

Eg likte å lese boka. Eg likte å få mange perspektiv. Men eg vart også litt forvirra. Det er ikkje alltid eg greier å konsentrere meg om så mange karakterar på ein gong – når forteljarperspektivet byter gjennom heile boka. Men det er til hjelp for meg at kvart kapittel har tittel etter kven som fortel.

Eg liker den unike forteljinga. For meg er den viktig historie, både med tema og litterært sett. Grunnen til at den ikkje får full pott av meg, er eine og åleine at eg ramla litt av undervegs med alle dei ulike stemmene. Mellom fire og fem på terningen.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s