bokanmeldse

Tenkje seg til, vill og glad og mild 

 Eg har lese ei tankeigangsetjar av ei bok, om tilværet. Boka heiter Tenk å vere eit menneske (Vigmostad & Bjørke 2022, lesareksemplar frå forlaget)Det er ei diktbok for barn skriven av Idun Alma Ramsdal og ho er overraskande, fargerikt og morosamt illustrert. Teikningane har Nora Brech stått for. 

Boka gav meg tankar, idear og skapte meg nyfiken. Eg tenkar på å vere eit menneske, på å vere to og på å vere tre. Eg gjekk på tankesprang i eit barns sinn, i ei vaksen verd. Boka tek oss med gjennom mareritt og korleis barnet kan liksom redde dei vaksne, sjølv om det eigentleg berre er redsel i eit barnehovud. 

Det er fine skogar og tre som ein kler på pysjamas. Eg klatra i familietre. Boka rommar heile døgnet, meir heile barnelivet, mest heile mennesket. Det er røter, att og fram. Det er mamma, det er pappa, det er bestefar. Det er jenta som ønskjer seg kjempelangt hår, før skulen startar. Håret er ei gul elv. Det er å drikke sommar til frukost. Det er å liste seg saman med bestefar, ro i båten, så ein ikkje forstyrrar mamma eller pappa. Det er å vere heilt trygg i ei hand. Det er å kunne gripe i sitt eige liv, det er å få vere til. 

Det er ei klok, tenksam og finstemt diktsamling som tek kornet på alt ein kan oppleve når en veks opp. Boka gav meg ei indre glede. Eg kjende i att barnetankar. Eg fekk tilbake gode minne.  Eg vonar mange av dagens barn kan få deileg nytte av disse dikta. Dei gir leikerom for  draumar, tankar og ord. Fin femmar på terningen. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s