bokanmeldse

Geita ved horna smiler eg 

Eg har lese ei diktsamling eg berre elska: Mørker mørke mørkt krystallar av Ann Jäderlund, omsett til nynorsk ved Gunnstein Bakke og Gunnar Wærness (Samlaget 2017). 

Boka er i ein annleis form inni seg. Orda kjem ikkje alltid i den vanlege rekkefølgja. Det er stutt. Det tar oss langt. Det er gøy. Det vekkjer interessa mi. Eg spinn i veg og tar notat som veks i meg. Boka veks seg gjennom heile året. Ho er ordna som ein gjennomgang av dei fire årstidene våre. 

Jäderlund tar meg mellom tre, gjennom lauv, under vatn, mellom menneske, innom geita. Det er eit naturtru, realistisk eventyr. Det er vinter, det er vår, ho er eit godt lese-år for meg, vesle boka. Rytmen voggar og driv meg vekselvis, eg kjem i ein slags straum og eg flyt på vatnet som ein Jesus. Det er referansar til han også. Han er med i fleire av dikta.  

Det er unike tekstar med særeigne bilete og ei skrivestemme som ber. Eg får munn og mæle i hendene og vil skrive sjølv. Eg vil også lese meir av forfattaren, høgt! Ho får meg nær på ein måte eg nesten ikkje veit ord for. Eg vert utvida og opphøgd sjølv, i eller med Jäderlunds perspektiv. 

Seksar på terningen, med eit stort, tenksamt og takksamt smil og utan tvil, frå meg. Mørker mørke mørkt krystallar blir av mange rekna som ei av dei viktigaste bøkene i hennar forfattarskap. For meg er det mitt fyrste kjennskap. Eg vonar det ikkje vert det siste. På norsk (bokmål) er det komen ei ny bok i år. «Samtalensom» er gjendiktning av samlinga «Ensamtal» frå 2019.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s