bokanmeldse

Husreglar  

Eg hadde vore hos legen same dag som eg las ferdig Kjøkenbenkrealisme – ærlege historier om tidsklemma av Olaug Nilssen (Samlaget 2012). Eg hadde vorte sjukmeldt i enno ei tid. Då eg låg i senga og ikkje fekk sove med alle tankane mine, stod eg opp og skreiv denne omtala. Fordi: Den hadde noko å seie meg. Som eg vil seie vidare.

Forfattaren Olaug Nilssen har gjort intervjuar med heimeverande, deltids- og fulltidsarbeidande. Ho har spurt om meir enn vi gjer openlyst til kvarandre ikring nett denne tematikken. Men skravla går ofte i heimane våre. Vi snakkar om andre menneske, andre familiar, om deira val. Vi kan undre oss og kritisere. Vel dei karriere framfor ungane sine? Eller – går dei berre heime heile tida, bidrar ikkje i arbeidslivet?

I denne boka får vi eit blikk inn i kvifor enkelte vel som dei gjer. Vi møter ulike familieformar og ulike fordelingar av oppgåver i heimen. Eg fekk sjå ulike løysningar for organisering av kvardagen, for fleire slags småbarnsforeldre. Mest fekk vi sjå at det er ikkje ein fasit. Det er variasjonar over kjøkenbenken. Det vert mat på bordet, men kanskje frå ein au-pair. Ei anna mor vel å vere heime med ungane. Ein tredje variant er kanskje å ikkje ha det skinnande reint, men rekke litt her og litt der.

Dette er ei sakprosabok. Kvart intervju har ein tittel som kunne passa i ei avis også. Forteljande og treffande, presis og interessevekkjande. I tillegg til portrettintervjua har Olaug eigne, forhaldsvis korte kapittel der ho fortel om sin livssituasjon, med småbarn og jobbar. Ho reknar ut at ho sjølv arbeidar deltid. Ho er fullt opptatt, vurderer stadig å trekke seg frå vervet i kulturrådet.

Medan forfattaren skriv denne boka, er ein av sønene hennar under utredning ved BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk). Ordet autisme kan ho høyre over hendene til spesialistane, dei blafrar, blæs i hovudet, i tankane, ned på boksidene. Balansen mellom barn og jobb, er eit viktig tema. Ikkje berre i ein særskilt utfordrande periode, men i eit lengre perspektiv også. Val har også konsekvensar for korleis pensjonsutbetalinga vert. Ein må vege for og imot. Eg trur på å prøve seg fram – samt å hugse å lytte godt til seg sjølv. Foreldre som ikkje trivst, er ikkje like bra for ungane – sjølv om det er alt dei kanskje tenkjer at dei vil vere og strever ekstra for – som når dei har det betre i tilværet. Enten ein har det for tøft på jobb eller kjenner på at det for vanskeleg å vere mest heime, skal ein akseptere dei kjenslene sine. Eg tenkjer at det ikkje er skamfullt å måtte jobbe mindre, eller å trenge litt hjelp i heimen når ein vil jobbe meir utanfor heimen sjølv – til dømes. Dette vil eg notere meg som dei beste husreglar! Det er ikkje alltid ein må ta ein oppvask. (Innlegget fortsetter under biletet).

Boka er krydra med underfundige, morosame og presise Facebook-notisar frå forfattarens sin eigne status-oppdateringar i det sosiale internett-fellesskapet. Eg smilte mellom det alvorlege. Det er sånn kvardagen er – ein masse småkaotiske situasjonar og komiske augeblink.(Innlegget fortsetter under biletet).

Det boka sa meg personleg, er at det er mange sortar for arbeid. No er ikkje eg husmor i statistisk forstand. Eg er ikkje mor heller. Eg har ikkje korkje små eller større barn. Men eg kjenner nett no som sjuk på det med å vere heime når eg eigentleg har ein annan stad eg forventar eg skal vere. Eg er der ikkje. Sjølv om eg ikkje kan velje no, gjer det godt å lese om personane i Olaug Nilssen sine intervjuar. Dei syner meg at det er ulike forhald som speler inn på liva våre. Alle stemmene som får snakke, kjenst viktige for meg, den eine er ikkje verdt meir eller mindre enn den andre, utfrå kor mykje tid dei bruker på barna, eller kor stilling dei ber. Det er meir enn ein mogleg løysning på korleis ein skal leve, og også svar på kva som er arbeid. For meg no, må eg verte friskare for å kunne jobbe. Eg er eit menneske i vekene eg er heime. Eg spelar ei rolle. Det er verdifullt for meg å få vere eit lesande menneske i møte med samfunnsaktuell sakprosa som dette. Boka opnar rom, lyfter takhøgda. Ein kan dekke bordet til debatt og meiningsutveksling. Menyen mettar mest av alt som forståing og aksept. For kvarandre. Takk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s