bokanmeldse

DIABOLISME (djevelpakt) 


« – ….djevelpakt, trolldom der heksa hadde inngått ei pakt med djevelen.»

Eg har lese Heksejakt av Aina Basso (Samlaget 2016). Heksejakt er ei sakprosabok for ungdom om hekseprosessane i Europa og Noreg, ei historiebok om dei som var kalla for hekser. Kva er ei heks?

«Heks – av tysk Hexe, kvinne som står i samband med overnaturlege krefter, demonar eller djevelen. Heksa kan føre vondt på folk og fe. Blir også kalla trollkvinne.»

Finns ei heks? Fanst ei heks? Trudde folk på det?

Basso fortel oss om menneske som blei skulda for å vere hekser. Nokon var kalla kjetter, vantru, og liksom mistenkelege av den grunn. Ho fortel historier frå inn og utland. Franske Jeanne d´Arc høyrde stemmer frå himmelen og kjempa for landet sitt. Ho gjekk òg i mannsklede. Ho vart brend på bålet i 1431. Folk meinte dødsdommen var feil. Seinare vart ho kanonisert som helgen!

Kvinner vart brende som hekser, men hekser finst eigentleg ikkje. Korleis kunne dette skje?
Det er kortare tid sidan ein enn skulle tru. Det hender framleis vonde ting mot menneske andre steder i verda, der menneske blir skulda for hekseri, sjølv om det er forbode med heksejakt i vår del av verda. Skulle tru vi hadde lært av feila i fortida.

«Demonologi – lære om trolldom og demonar»

Dette er ei god bok å lære med. Eg lærde mykje! Den er skriven på ein måte som engasjerer meg. Forfattaren verkar ekte engasjert. Eg lev meg inn i heksene. Eg står i brann. Historiske fakta er i kombinasjon med historier som kjenst som fablar som til dømes forteljing om formlar for heksar.

Det er eksempel og samanlikningar, døme: referanse til like mange som bur i heile Bodø by i Noreg som gjer ei forståing av kor mange menneske det var snakk om. Det er talfesting. Det er årstal. Det er ordforklaring. Det er ei ordlista med vanskeleg ord ein kan slå opp i, bak i boka. Det er eit klart og tydeleg språk.

Først og fremst er dette ei bok som gir innsikt – i noko i alle fall eg ikkje visste omfanget av! Det er ei bok som gjer meg merksam – obs, obs! – på kva menneske kan skulde andre for, og kva for konsekvensar det er i fare for å gi, til dømes med kjedeprosessane der hekser blei tvunge til å fortelje om andre «hekser» som førte til at ein hel hau av heksar vert brende. Aha – dette må ein lese, freiste å forstå, til minne og all framtid. Femmar på terningen.

Aina Basso har skrive ein rekkje historiske romanar, både for ungdom og vaksne. I 2022 kom også sakprosaboka Dei dødsdømde om menneske som er dømde til døden.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s