På ei trapp i universet av Marit O Kaldhol er ei ny diktbok for barn (Samlaget 2022). Boka er vakkert illustrert av Susanna Kajermo, i eit kvadratisk og nett format som eg vil tru ligg godt også i barnehender.
Boka handlar om å vere egg. Ho handlar om å ikkje verte sommarfugl. Ho handlar om å ikkje få vingar. Ho handlar om å ikkje verte fugl. Ho handlar om å ikkje få fjør, eller nebb. Korfor får ikkje egget i boka verte noko anna, enn menneske? Korfor vert eg-et ein person som kan lese og skrive og snakke og spørje?
Når eg har kjøpt egg i butikken, har eg ikkje tenkt på det som skjer i den store verda. Eg har ikkje tenkt på naturens under, kvardagens mirakel. Eg har ikkje spurt meg sjølv om høna som la egget som pappa sette på frukostbordet prøvde å beskytte egget. «Kvar har sine metodar for å overleve,» seier søster i diktet om at alle egg skal vere trygge. Eg legg planer for framtida. Då er egget inni meg, spiren av liv, tryggare.
Eg les om eplet, korfor fell det ned trappa medan månen vert hengande på himmelen? Eg les om kattekrefter. Eg minnes smaken av eple. Smakar eplet likt no, som då eg var lita? Eller som da Adam åt? Eg får eigne tankar. Eg tenkjer supermann burde hatt ein flygande katt. Om han datt ned, ville han kunne reist seg igjen, med tyngdekraft og at han liksom har ni liv. Det fenderar eg på. Det fabulerer eg med. Vert eg ein fabel?
Boka gir ikkje svar. Han gir noko heilt anna, om mogeleg større. Ho er om alt det andre vi får. Boka er om livet. I fare for å verke flåsete, er jo det tross alt den store gåva – gåva som gjer alt anna mogeleg.
Boka er om gleda. Når eg les desse dikta får eg kjenne på gleda. Gleda eg kjenner er ei glede som ikkje krev at eg kjøper noko eller vert større eller betre enn eg er. Det handlar om å få lov å undre meg over å vere til.
Boka spør slik barn tør å spørje. Eg hugsar no at verda verkeleg er utruleg! Eg må utforske verda. Eg set meg på trappa. Over meg, er himmelen grå med snøflekkar på. Dei flyger som supermann-kattar.
På ei trapp i universet er ei bok å styrke verdien av eigne tankar på. Det er ei bok som inviterer til å spørje. Spør kven du vil! Det er ei boka å stige opp på, utan at den krev svar i meg. Eg får lyst å vere med å dikte, eg vil vere med på spørjeleiken og eg vil lage eigne spørsmål. Eg vaks i hjartet mitt då eg las, eg stemmer i for alle deg gode samtalene i oppveksten. Eg minnast dei no. Terningkast 5.
Ei anna diktbok eg vil nemne av forfattaren, som også er for unge lesarar, er stilk med to som Kaldhol har skrive for ungdommar. God undring, veksande utforsking, den beste leselyst!
