bokanmeldse

Månelyst 

Eg har lese ei diktbok for ungdommar. Stilk med to, dikt for unge med bilete av Justyna Nyka, av Marit Kaldhol (Det Norske Samlaget 2002) er boka eg hadde framfor meg ein tidleg, lys morgon. Det var med glede eg hadde auga opne.

Eg har mange gonger lurt på kva ein skal gjere med språket, formidlinga, handverket, for at eit dikt til dømes skal passe meir for ungdommar. Møte dei der dei er, kanskje på veg ut av barnerommet men ikkje heilt inn i vaksenlivet enno. Sjølvsagt er det til hjelp å skrive om eit tema som ungdommane er opptekne av. Men kva meir?

I denne boka, fekk eg oppleve at ein ikkje treng å skrive berre om forelsking, foreldre, festar og ungdomsopprør. Dikt kan vende seg til ungdommar sjølv om dei handlar om heilt allmenne ting, som er gyldige i alle aldrar. Som månen, stjernene, havet. Eg la på sym i dikta, med von om å verte and: Det ser så enkelt ut å vere and, her i eit av dikta, dei dukkar og sym som før.

Mange kjensle dukka opp i meg. Mest av alt glede over å vere til, i denne kompliserte og samstundes forståelege verda – om vi sett ord på det vi sansar. Eg fekk verkeleg sansen, vil ut å skildre kva som skjer ikring meg. Eg vil mikse alt det nye med mi livserfaring, då kan eg ha noko å fortelje, noko å seie. Eg vil ta livet utanfor med meg inn, og innsida mi vil eg syne ut. Dette er viktige kjensler eg håpar ungdommen også treffest av når dei les dei fint illustrerte dikta i Stilk med to.

Boka har tre kapittel: Eg, du og huset. Boka bur i smilet mitt no. Femmar på terningen.

Reklame

En kommentar om “Månelyst 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s