I går kveld, kvelden før 1. desember kor eg sat og trippa etter å opne fyrste luke i julekalendrane mine, tenkte eg at eg hadde lyst til å lese eit par forteljingar i boka Jula er her! (Samlaget 2022, boka mi er eit lesareksemplar frå forlaget). Men eg klarte ikkje stoppe etter to forteljingar. Eg las alle dei 24 nye, fantastiske juleforteljingane for barn.
Innhaldet som er sett saman til denne juleboka er skrive og illustrert av Noregs fremste forfattarar og illustratørar for barn og unge. Boka er med bidrag frå A. Audhild Solberg, Agnes Ravatn, Arne Svingen, Bjørn F. Rørvik, Bjørn Ousland, Bobbie Peers, Christian Wiik Gjerde, Eivind Gulliksen, Frode Grytten, Gulraiz Sharif, Harald Nortun, Helene Uri, Herborg Kråkevik, Hilde Hodnefjeld, Ida Eva Neverdahl, Inga H. Sætre, Ingunn Thon, Jenny Jordahl, Jens Kristensen, Kaia Dahle Nyhus, Kari Stai, Kristian Krohg-Sørensen, Maja Lunde, Maria Parr, Mari Kanstad Johnsen, Marianne Gretteberg Engedal, Nora Brech, Norå Dåsnes, Ruth Lillegraven, Simon Stranger, Sunniva Sunde Krogseth, Susanna Kajermo, Svein Nyhus, Tegnehanne, Tom Egeland, Veronica Salinas, Victoria Sandøy, Øystein Runde, Øyvind Torseter og Åshild Irgens.
Nokre av forteljingane er på nynorsk og nokre er skrivne på bokmål. Blandinga gjorde meg glad, språka fekk danse og spele saman! Eg ante både søt og sur julemusikk, ton i ton og i undertonar. Det er ei blanding av ulike forteljeformer, inkludert teikneseriar og morosame vitsar i teikna ruter. Eg var tankefull og flirande i ei fin-fin blanding.
Historiene er om alt det glade og ho er om kaos, rot, om å ikkje tru på nissen, om sorg, om å miste nokon, om å ville lage seg eit hól under jorda og forsvinne. Det er glimt frå dagsaktuelle, gode augeblink frå ei vanskeleg tid for mange med pandemien som stengte sosiale moglegheiter. Vi får eit møte med julefeiring på iPad og eit døme på at andre vil hjelpe til når nokon slit økonomisk etter dei konsekvensane nedstigninga i samfunnet førte med seg.
Det er fleire veldig lyse historier, som overraskar også! Det var gøy! Ei forteljing om Lucia (Årets Lucia av A. Audhild Solberg) til dømes, som snudde opp ned på våre vanlege tankar om kven som kan vere Lucia. Historiene utfordrar lesarane, ikkje minst oss vaksne. Dette er verkeleg ikkje ei trist julebok. Den viser varme, menneskelegdom, kjærleik, glede ved å glede kvarandre. Ho opnar for å finne nye veger, behalde det som ein ikkje vil vekse frå, ha eigne tankar og ønskjer. Boka er om å tro på kvardagen, og det gjer jula skikkeleg fin synst eg. Det er også så godt at ikkje alt må vere perfekt for at jula kanskje kan vere meir enn fin! Boka er undrande, og ho gir oss både små og store undre.
Eg vil lese høgt for eit barn eg er glad i to historier om julenissen neste gong han kjem på besøk. Eg har valt meg ei historie på bokmål og ei på nynorsk. Det vert Nordpolen, Oslo av Simon Stranger og Oskar og nisseskrekken av Maria Parr. For meg sjølv vil eg lese to tekstar fleire gongar på sengekanten. Det er Maja Lunde sin Zorg om ei skikkeleg trist jente og Kaia Nyhus Dahle sitt Dikt som fortel at også musa skal få vere tjukk i jula. Med denne boka har eg god tro på ei god jul – no og i framtida som kjem! Terningkast tippar tett opp mot seksaren for meg.
PS Er man ikkje like utolmodig og nysgjerrig på kva som skjuler seg mellom dei to fargerike permane som meg, kan man lese ei historie kvar dag frå i dag fram til julaftan, som ein kalender.
