bokanmeldse

Zuper Zterk

Saman med julegåva mi i år fekk eg Zweet frå Marit Kaldhol. Boka kom ut i 2015 (pocketen min i 2016), på Samlaget og er ein ungdomsroman. Boka engasjerte meg så veldig at eg ikkje klarte å gå på do uten å ta med meg boka eg sat og las i!

Boka synte meg kor skjørt livet er. Og identiteten vår, og korleis tilfeldigheiter kan velte store lass. Lill Miriam, som har eit syndrom og ein heilt eigen interesse for honningbier medan dei andre elevane i klassa ikkje liker henne i det store og heile, tilsynelatande i alle fall, forsvinn når dei andre evakuerer i ei livsfarleg gasslekkasje. Helikopter leitar etter ho. Når ho tek notat på PC-en sin, skriv ho med z i stadet for s sidan tastaturet hennar har ein laus s-tast.

Ho har vore i fare før. Susan og dei andre jentene heldt ho under vatnet då dei bada så ho vart bevisstlaus. Ho hamna på sjukehus. Når ho er sakna igjen no, tenkjer Susan på at om ho forsvinn, slepp ho at nokon gong får kvite kva som eigentleg skjedde då dei bada. Men ho verker også redd, som om ho verkeleg angrar. Kjem du tilbake, Beistet (Lill Miriam)?

Ruben som er frå eit anna land, er den einaste som verker til å vere vennen til Miriam. Ho snakkar ikkje med nesten nokon. Ho held seg for seg sjølv og brukar høyrselsvern både i klasserom og i friminutt fordi ho vert forstyrra av alle slags lyder. Dei verker for sterke for ho.

Ruben får helde handa hennar. Ruben får fortelje om Cuba, og menneska han saknar.

Dei tre ungdommane fortel kvar sin del, kvart sitt perspektiv, av historia der Lill Miriam er sakna. Boka er varme portrett av ei ganske brutal ungdomsrøynd, om å vere like og annleis frå kvarandre, og korleis ein kan øydelegge andre for å vere ein del av ein gjeng. Ei bok om katastrofe. Ei bok om venskap. Ei bok om kjærleik. Ei skikkeleg sterk og god leseoppleving eg set pris på at eg fekk og som eg verkeleg ikkje vil gløyme. Sterk femmar. Anbefalast!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s