Eg har lese Elena Ferrante Dei vaksnes løgnaktige liv (Samlaget 2020). Romanen er ekstra aktuell nett no fordi han finnest som tv-serie på seks episodaer på strømmetjenesten Netflix.
Romanen handlar om Giovanna i eit middeklassemiljø i Napoli i 1990-åra. Ho er einebarn. Livet hennar snus på hovudet den dagen ho overhøyrer faren sin i ein samtale med mora. Han som ho elskar så høgt, seier indirekte at ho er stygg. Eksakt seier han at ho liknar systera hans, tante Vittoria, som han hatar. Ho vil finne ut kven ho er, sjå korleis ho ser ut. Ho leitar etter i fotoalbum, men far hennar har farga ho bort med svart tusj.
Oppdaginga er den fyrste i ei rekke, som får grunnmuren i hennar til då trygge heim til å smuldre. Eg kjenner kollapsen, og saman med at ho veks og får ein vaksen kropp sjølv, kjenner eg igjen mi eiga angst rundt å verte vaksen.
Vaksne har andre liv. Diverre finns det mange løgndommar i dei. Den eine kan vere verre enn den andre. Men det eg smiler nøgd for meg sjølv for, er at litteraturen kan vere til å stole på: At Elena Ferrante nok ein gong leverer meg ei leseverdig bok, som også gav meg innsikt i menneskesinn, følelsar og korleis vi vel som vi gjer. Ho skriv spennande som eit actiondrama om noko som er menneskeleg, og relevant for folk, også for meg. Boka tek for seg oppvekst, identitet, sjølvverd, klasse, seksualitet, utruskap. Ho dansar fram balansekunsten i sanning og løgn. Elena skriv så eg forstår enno eg ikkje har opplevd liknande relasjonar. Eg føler med, og rivast med, mellom permane. Eg vonar eg kan sjå den filmatiserte serien etterkvart også. Terningkast sterk femmar.
